PostHeaderIcon 22.september 2014 avreise Stryn til Preveza,Hellas

 

Før regnet kom

Før regnet kom

Ankom S/Y Aurora 23.09.2014 i Lefkas Marina, pier G plass 50. Båten var i like fin stand som vi forlet den 10.07 i år. Det er første året vi skal ha denne hamna som vinterhamn og  det er tydeleg at her er ikkje så mykje sandstormer som i Korfu. Jaja, vi er no nøgde med båt-hamn og sjølve livet uansett kor vi erJ

Når ein kjem heimanfrå i ein ellers aktiv kvardag, tek det ei tid før vi omstiller oss, så planen var å kaste loss frå Lefkas etter ca 3 dager, men her dukka det opp «spennande» saker duJ

25.september

Vi ringer til Nidri marina og tinger plass.Alt ok. Vi har ein roleg  førmiddag. Går opp i byen og kjøper internett, 29 grader og alt er  berre heilt skjønt.Etter kvart synes vi himmelen er i ferd med å bli noko svart, og er det noko dei også kan her i Grekenland, så er det tordenvær. Det bøtta ned i alle sluser ein kan finne på ein båt.Gå ut av «teltet» vårt var inga tema. Å kaste loss hadde ikkje hensikt , og vi såg at dette var ikkje berre ei «bye», så vi ringer planlagte hamn og seier at vi kjem i morgon. Der var replikken då: De veit vel at det er meldt storm i morgon? Vi turtelduene hadde ikkje fått nett installert, så været var ikkje sjekka.Vi bestemte å kaste loss 2 dager etter, og gudskjelovogtakkogpris for det:)

Dette huset vil vel stå i ein storm?

Dette huset vil vel stå i ein storm?

Kl.15.00 same dag- varmtvannstanken rykL Teknisk forklart av VOF-sjefen som verken er rørlegger eller maskinist, men ein god iakttaker og  psykisk støttemedspelar.

Lekkasje vart oppdaga  og kapteinen hadde sjølvsagt deler som kunne ertstattast .Knøbelt er det no uansett å kome til med velvaksne hender som samstundes skal bevegast, men slik må det bli når vi så gjerne vil ha komfortJ, og plaster og bandasje har viJ

Kunne sjølvsagt hatt plastpose med dusj ute, men då hadde vi hatt mange tilskodarar som så gjerne villa studert gode norske vikingkropper, og det treng vi ikkje då vi veit dei ser kjempebra ut. Nok om det, som far alltid sa.Etter ei stund med svette var alt klart for ein god dusj sjølv om vi denne gong kunne tatt den i mørkret ute i pøsregnet.

Men, kva var det? Der var framleis lekkasje.Ikkje utanpå tanken.Kapteinen fylgde alle tenkjelege spor der det var koplinger i båten. Pumpa jobba i tide og ikkje minst i utide.

VOF sjefen vart beordra å få tak i ein ny sikkerhetsventil.Tok på seg regnhyre og trakka avgarde i sandaler der vatnet rann som små elver mellom tærne. Ventilbutikken skulle vere 100 m gåing, men etter å ha vore i Grekenland er det noko i det vi seier:-heilt gresk- for det var 2-3 km.Ventil kom trygt om bord i S/Y Aurora. PS, synte seg at ventilen var ubrukelig, og ikkje det viktigaste i denne saka her.

Ny tank.merke Quick erverva.

Ny tank.merke Quick erverva.

Kl.23.30

Vart ingen dusj så vi tok ein spasertur i pøsregnet  i hamna .Kan seie det var stilt og fredeleg, bortsett at det tydlegvis pågjekk eit bryllup i ein liten bar/kafe.Skal visst bety lykke å få regn i håret, og masse regn må då bli superlykke.

På ein pir nær oss var der ein norsk båt, Våghals, men forventa ikkje at nokon stakk snuten ut i regnveret. I tunge støvler, regnbukse/jakke vandra vi rundt, slitne etter ein vanntank-dag, rusla vi tilbake til stamplass. Rista av oss væte og tok oss noko godt i glaset.Pumpa orka vi ikkje å høyre, så den slo vi avJ

Slik kan det sjå ut i ein Bavaria lugar

Slik kan det sjå ut i ein Bavaria lugar

KL. 01.30

Framleis ikkje funne kvar det var lekkasje, og det er ikkje så kjekt å legge seg når du veit at det siv vatn ein plass.Tok ei sjekkliste på alle koplinger vi hadde . VOF-sjefen syntest at vatnet vi ausa opp(maaaange liter) var litt brunt.

KL.01.55 Lekkasje funneJJ

Som både kaptein og maskinist tok han seg ein titt innom motorromet.Ja DER var det vatn du.Den var lettbada.

Gudskjelovogtakkogpris sa kapteinen at vi ikkje reiste i dag, starta motor og ploffff – Slik oppfatta VOF-sjefen det. Etter å ha fått teikna og forklart på den aller enklaste måten skjøna underteikna at  røra som kjølevatnet  til motoren normalt tek vegen er i inni varmtvannstanken, og då skjønar de  karane som les dette at det var eit mysterium for oss.Nok om det , som far igjen sa.No er tank skifta, vi er nydusja og ligg ved havn i Nidri, 28 grader, klar himmel og koser oss med lyden av vannpumpa som kun går i tide 🙂

Kapteinen i action

Kapteinen i action

 

Ny tank på plass

Ny tank på plass

 

God middag ipå Ola Kala i Nidri der servitøren står opp-ned :)

God middag ipå Ola Kala i Nidri der servitøren står opp-ned 🙂

Då håper VOF-sjefen at de koser dokke med våre blogginnlegg. Meir kjem etter kvart 🙂

VOF-sjef Henny og Captain Bjarne:))))

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

One Response to “22.september 2014 avreise Stryn til Preveza,Hellas”

  • Else Jenny says:

    For eit spennande innlegg! Virka veldig komplisert dinna vannlekkasjen, så bra at du ikkje gjekk inn på meir detaljer. Eg hadde forventa meg at dokke berre dusja ute i stormregnet. He-he. Kos dokke vidare, med fint vær og nett. 🙂 Klem

Leave a Reply