PostHeaderIcon 30. september 2014 Oppgjer med fotballen:)

Atter ein fin dag. Har vore på jolletur «inni fjorden# og der fann vi  gode vener som låg for anker, Arne og Eve.Tok ein kaffi om bord og kaptein Bjarne og Formel 1 eksperten Arne hadde gode samtaler. VOF sjefen hadde heilt andre tema å diskutere med koselge Eve.

Ang. Arne som er engelsk-svensk skal seiast at han har på sin CV å ha bygd bil til selveste Pink Floyd!

Må nemne at VOF sjefen med all sannsynlegheit la att kamera ombord hjå Arne og Eve, så det kan bli smått om bilete i dag, men har no eitt på lur her.

Vi får i oss gode c-vitaminer:)

Vi får i oss gode c-vitaminer:)

Her på havet har det likevel ikkje noko å seie kva du har utretta av jobbstatus. Her er det sjølve  livet som er i fokus.

Vi jolla oss tilbake til S/Y Aurora, og det var tid for ein god middag på land, og det vart det. Gjekk innom ein bar på «returen», ein koselig ein, men kva skjedde? Vi var 20 personer som kunder(VOF-sjefen talde), og brått var det ein rørsleg grekar som reiste seg og tok hand om fjernkontrollen, for tv er det stort sett  i alle barer. VOF sjefen tenkte det var selveste eiger av baren, men oppdaga at det var ein kunde.VOF- sjefen hadde sitt ørneblikk, for nysgjerrig er ho som få, og etter at kanalen vart skifta frå noko musikkgreier til noko som visst heiter Champions Leage, altså fotball, vart pluggane tende kan du tru.

Vi kosa oss med ein Irish, men det vart kortvarig, og no skal du høyre:

«Servetrisa» skrudde ned lyden, og vi var då 18 andre kunder .Han rørslege og ein kamerat sat ved eit bord rett fram for ein X-antal tommer tv, bestilte ein kaffi og ein vatn(VOF sjefen observerer dette)

Då hadde eg bestemt meg at eg skulle ta eit oppgjer med denne galskapen av fotball!! Vi betalte vår kreditor og underteikna VOF sjef gjekk direkte bort til den rørslege: Do you speak english? Yes,I speak very well sa grekeren og lurte sjølvsagt på ærendet, som eg og ville ha gjort om det kom ein solfager greker og spurte meg, for VOF-sjefen er blondine,om du ikkje har sett detJ

Då proklamerte eg for han kvifor han skulle styre heile baren for 18 andre med ein kaffi og ei lita flaske vatn, for vi  normale var trass alt i fleirtal, og innkomme for denne baren måtte nødvendigvis ligge hos oss andre. Han rørslege, ca 2.05m, lurte på kva  eg ville fortelle han, og DET var ikkje vanskelig å svare på kan du tru!!!Han kunne fortelje at han hadde reservert bord for denne fotballen.VOF-sjefen greidde å målbinde denne kjepphøge fotballentusiasten .Han var rørsleg i utgangspunktet men vart nok berre ein liten maur i forhold til ei blondine frå NorgeJ

No veit de kjære lesarar VOF sjefen sitt standpunkt til denne idretten som er heilt ok berre dei kan halde seg innafor sine egne og ikkje tvinge oss vanlige til å delta. Trudde dei fleste hadde tv heime med alle kanaler for denne sporten. Heller ikkje så vanskeleg å forstå at vi som går på vatnet ikkje takler grasmatta så godt:)

Ha ei flott veke 🙂

Mvh

VOF-sjefen

2 Responses to “30. september 2014 Oppgjer med fotballen:)”

Leave a Reply