PostHeaderIcon 22.oktober, 24 grader og hyllest til kulturen.

Hei igjen!

 

Vi er framleis i sommermodus. Veit at vi snart skal heim til vinter og ein liten kulde,så vi nyt kvar dag her i Middelhavet.

I skrivandes stund har VOF-sjefen tjuvstarta på jula med å kose seg med l soltørka fiken, snadder av det aller besteJ Har også fått ein forsmak av jula med å finne den greske utgåva av Hovmesteren, han vi ser kvar jul som snubler i bjørnehovudet når han serverer selveste Hertuginnen. Skulle ta ein liten tur på restaurant for ein middag, og der var den greske versjonen. Svingte seg rundt søyler og bord, flirte, gav oss ordreblokka så vi skreiv sjølve kva vi skulle ha.Spurte etter smør til brødet, men då flirte han fråvereande og det kom aldri på bordet. Vi hadde det virkelig moro, og rekninga var vi no spent på om han hadde kontroll over. Kan seie at det vart ein veldig rimeleig middag, rundt rekna 🙂

Soltørka fiken:)))

Soltørka fiken:)))

Som omreisande fant er det interessant å sjå kor forskjellig dagleglivet er. Ingen spring for å nå trikk, buss eller båt, for der er alttids nye avganger. Eldre sit på benker, elller utanfor husa sine, diskuterer politikk og daglegdagse saker,ser det ut til for oss, for underteikna kan lite gresk, dvs ingenting. Ungane leikar ute, leiker som eg kan kjenne att frå eg var litt yngre enn no, og tid for å gå i seng er ikkje fastsett. Ein legg seg når ein er trøytt. Enkefruer går i svart heile livet ut, og generasjonane tek godt vare på kvarandre, ung og gammal i lag. Mellom kl. 16.00 og 18.00 er det tomt i gatene. Då er det siesta, kvile . Etter det vaknar landsbyen til liv igjen.

Desse tankane gjer eg gjennom «stoveglaset» vårt,så sjølvsagt er nok livet tungt for mange, men kulturen ligg planta i folket, så det vi ikkje rekk i dag, kan vi prøve å få til i morgen, muligens..

Vel nøgd fisker med stor fikeflåte.Snakka med han lenge på gresk, ein koseleg samtale synes vi.

Vel nøgd fisker med stor fikeflåte.Snakka med han lenge på gresk, ein koseleg samtale synes vi.

 

 

Kan verkelge samfunnet fungere slik i dag, med bygging av veger, skuler, helsestell etc som koster penger? Etter , i dette tilfelle, Hellas, fekk krisepakke frå EU, vart det lovbestemt at fekk du ikkje skikkelig kvittering på alt du kjøper av mat, teneste, så kan ein sleppe å betale. Trur denne lova var i kraft psykisk eit halvt års tid, for no går setlane berre frå lomme til lomme, og korleis skal då den greske stat få inn penger sjølve? Dette er nok ein vanskeleg kultur å endre. VOF-sjefen ser i dette tilfelle seg ikkje i syn med detJ

Kan t.d. fortelje om Odysses, ein verkeleg turistattraksjon(kunne det bli) på  hans fødeøy Ithaca.EU gav tilskot til museum. Vi leita og leita etter dette, igjen visste  kvar det var, men til slutt spora vi opp i ei stove i ein liten landsby i nærleiken av der Odysses skulle ha vore, men det var halvferdig, stengt , men sjølvsagt merka med nokre handmåla skilt. Altså eit tilskotsprosjekt som berre forsvant..

Gresk kvittering :)

Gresk kvittering 🙂

Internasjonal middag , australsk, tysk og norsk.Ser ut som og var, ei koseleg stove. Såg ikkje den gjengen i vindauget bak før no,hehe

Internasjonal middag , australsk, tysk og norsk.Ser ut som og var, ei koseleg stove. Såg ikkje den gjengen i vindauget bak før no,hehe

Dette vart eit lite tankeinnlegg, men sum og summarium, tilskot, rekningar eller ikkje, så er eg fasinert over dagleglivet og  samhaldet mellom menneska her.

mvh

 

VOF-sjef Henny

Leave a Reply