PostHeaderIcon 6.oktober 2014 Lyn –torden Meganisi

Utsikt frå cockpiten, verandaen, ombord i S/Y Aurora

Utsikt frå cockpiten, verandaen, ombord i S/Y Aurora

Ligg i hamn i Vathi då været skulle syne seg å bli ganske vått.Har hatt eit par nydelige dager, men så skulle øya vatnast, og det til gangs.

Lyna fungerer som utelamper og palmane  som paraplyer, så ganske praktisk opp i det heile.

Vi som har kjøpt båten vår i Norge er nok  betre utrusta med vanntett kalesje-system, så vi kan storkose oss på «verandaen» medan mange må krype innandørs.

Like utanfor oss ligg øya Scorpio som sikkert mange har høyrt om fordi Aristotle Onassis eigde denne øya her i det joniske havet.Han  var stor skipsreder og oppretta også flyselskapet Olympic Air. Iflg. kaptein Bjarne var han dårleg til å vedlikeholde tankflåten sin, og då skjønar de kjære lesarar at VOF sjefen har ein ordentlig kaptein ombord som har orden i sysakene sine:)Onassis kjøpte Scorpio i 1962 for 10 mill.dollar, rimeleg må eg seie då øya er svært stor. Han gifta seg med enkefrua etter John F.Kennedy, Jacquline Kennedy i 1968.

Onassis hadde to born, Alexander og Christina, som begge er gravlagde på øya. Christina fekk ei dotter,Athina, men mammaen døydde berre 37 år gammel.Athina hadde ikkje noko forhold til øya då ho berre var 8 år når mammaen  døydde, så i 2013 vart Scorpio seld til ei russisk billiardær-dotter, ja her snakker vi ikkje lenger om millionærerJ Prisant.som eigedomsmeklarane skriv:100 mill dollar.

Seinare har det kome fram at «selveste» Onaassis hadde sett kriterier for øya, at den skulle vere i familiens eige, og var det ikkje muleg skulle den vere gåve til Hellas for humanitære formål, så no er det vel slik at ho der 24 år gamle russerdama leige den på det vi kaller «åremål» Dottera til Aristoteles er enno den formelle eigar.Litt seint å sjekke skjøytepapira synes eg, men gresk er no greskJJaja, no veit de det om dokke ikkje visste denne historia frå frå førJ

Litt samfunnskunnskap skader ikkje  og greit å lære litt kvar dag, berre littJ

 

Her er bokormen på jakt:)

Her er bokormen på jakt:)

 

Finn en feil !

Finn en feil !

 

Ei lita kirke ved iunngongen til hamna

Ei lita kirke ved iunngongen til hamna

 

Ein kar vi møtte

Ein kar vi møtte

 

Utruleg kva desse krapyla kan lage av lyder

Utruleg kva desse krapyla kan lage av lyder

 

Granateple

Granateple

 

Lemon.Torde ikkje å gå på slang der:)

Lemon.Torde ikkje å gå på slang der:)

 

Kan det vere ein paprika?

Kan det vere ein paprika?

 

Ship o hoi, la meg vise dokke litt bilete .Vi lever det gode liv, og som  eg ofte seier, har borna og vennane det bra så har vi det godt også. Så heldige vi er!

Skal love å ikkje vere så filosofisk i neste innlegg. Sikkert lynet som har slått ned i hovudet til VOF-sjefen og det er då det går eit lys opp for ein.

Mvh

VOF- sjefen og hennar kaptein

Arne og Eve ombord i Tyranna.

Arne og Eve ombord i Tyranna.

 

Det var kvelden der vi bomma på menyen og var supersvoltne til neste dag:)

Det var kvelden der vi bomma på menyen og var supersvoltne til neste dag:)

 

Kvifor ikkje spyle båt i pøsregn med 3 stripers addidas klar for litt vannføring:)

Kvifor ikkje spyle båt i pøsregn med 3 stripers addidas klar for litt vannføring:)

 

 

 

Leave a Reply