PostHeaderIcon Kalamos 9.september 2014, George, kongen på kaia

IMG_2870

Greit å ikkje dette oppi ein slik ein

Greit å ikkje dette oppi ein slik ein

 

 

Reiste i rimelig tid frå Vathi, dvs, innan kl. 12.00, for det viser seg sjølv  i lavsesong som det er no, at hamnene er godt fyllte. Det er og ganske varmt og, 30 grader er ikkje å forakte i oktober.

Kalamos er ei øy øst for Meganisi. Ei fantastisk hamn, men ganske overfylt, så førstemann til mølla..Er plass til ca 35 båter, og det gjeld å få kontakt med kongen på kaia, George, som er den uformelle hamnesjefen der. Ein liten rund kar med kvit caps og sponsa med genser frå charterselskapet Sunsail. Han fylgjer med båter inn og ut, tar i mot oss og passer på at det ikkje blir ankerkrøll. Deretter proklamerer han at den første restauranten du kjem til er George, med god mat og dusj, og det stemte faktisk. Er du der meir enn tre gonger får du ein Metaxa etter middagen 🙂 Vi var der 3 gonger pluss ein og då  seier det seg sjølv. Ein hyggeleg kar med  kunnskap om øya. I sjølve Kalamos bor der berre 200.Sommerhusa som er bygde der er for det meste eigd av amerikananar , sikkert av dei som utvandra i si tid.

 

Alltid når vi ser ei hamn frå båtens perspektiv, er det ikkje store greiene, men i nærmare augesyn med ein spasertur bakom er der gate på gate. Vi tok eit par turen og fekk mange «godbitar»

Rosene er røde, fiolene blå, men søppelet er så som så..

Rosene er røde, fiolene blå, men søppelet er så som så..

Kapteinen vurdrerer  transportbyrå, men konkurrenter kjem inn frå høgre:)

Kapteinen vurdrerer transportbyrå, men konkurrenter kjem inn frå høgre:)

Her kan du velge mellom rosa bil eller grått esel.Veit ikkje heilt kva som er bestevalget.

Her kan du velge mellom rosa bil eller grått esel.Veit ikkje heilt kva som er bestevalget.

Kjekk kaptein VOF-sjefen har.

Kjekk kaptein VOF-sjefen har.

Helse-og sosialtenesta på plass:)

Helse-og sosialtenesta på plass:)

Her vurderer VOF-sjefen ei konkurrerande bredrift innan transport

Her vurderer VOF-sjefen ei konkurrerande bredrift innan transport

Kanksje nokon av dokke lesarar saknar informasjon om vind-knop-seglføring etc., men det kan eg seie de må vente lenge på, heilt til evnt. Kapteinen tek pennen fatt i denne bloggenJ Trur ikkje eg skal sleppe han til med det:)

Ha ein finfin dag alle saman

VOF-sjefen Henny

 

 

 

 

Leave a Reply