PostHeaderIcon Lefkas 18.oktober 2014- vår vinterhamn  

 

Det er første året S/Y Aurora skal overvintre her. Ho vert liggande på sjøen i heile vinter, men vi har leigd barnepike til ho, Mr. Sailand, som vi fekk tips om frå ein anna båt, så vi trur ho skal få greit stell, denne fine jenta, Aurora.

Kaptein Bjarne sysler med å få varmtvannstanken heilt som han vil ha den. Er lei desse plastikkdelene som sprekk , så no har han teke vekk alt mikkmakk som han seier, så dess enklare, dess betre.

VOF-sjefen har polert dekket med hand, så no skin det så fintJ , ogVOF-sjefen liker slikt arbeid , så ikkje synd i ho. Ellers sysler vi med vedlikehald, som ikkje er mykje av på ein Bavaria, men noko reingjering og tekniske ting høyrer med når ein forlet båten for ein vinter. Alltid kjekt å kome tilbake til våren til ei kjekk og fornøgd Aurora som er klar for nye eventyr 🙂

Godt å få fjrene uvirksame deler:)

Godt å få fjrene uvirksame deler:)

Vi har møtt fleire norske, svenske  og andre trivelege båter her som Våghals v/Hals fra Oslo, Midi frå Sandefjord, Snowbird v/Asbjørn Tomassen, Cerene  fra Oslo, Yet fra Sverige v/Tommy og Marianne,Madeleine v/Leif og Ulla frå Sverige,Unique v/Svein frå Norge, Tyranne fra Sverige/England, og vesle XXS Adventure v/Oliver fra Tyskland, ein 5 meter lang seglbåt som konstanterer at draum kan verte verkeleg. Ikkje snakk om penger, men snakk om tid.

Draum kan verkleggjerast i ein båt på 5 m.Oliver fra Tyskland er kaptein og båten heiter xxs Adventure.

Draum kan verkleggjerast i ein båt på 5 m.Oliver fra Tyskland er kaptein og båten heiter xxs Adventure.

Oliver vel nøgd  i sin Rugenjolle

Oliver vel nøgd i sin Rugenjolle.www.wiekerboote.de

Her eit godt fungerande kjøkken.Utruleg kor enkelt det kan vere for at det fungerer.

Her eit godt fungerande kjøkken.Utruleg kor enkelt det kan vere for at det fungerer.

Ha ein fin dag alle saman. Myggen er litt mindre aktiv no som det er litt kaldare om kvelden.

Mvh

VOF-sjefen

Eit godt produkt å ha i nærleiken.

Eit godt produkt å ha i nærleiken.

 

Leave a Reply