PostHeaderIcon Palairos 11.-12.oktober 2014, møte med Australia

 

Første gong i år med hamn på fastlandet.Prøvde oss først der Sunsail- utleigebåter har basen, berre 500m i frå Palairoshamna, men der såg det altfor fint-kjedelge ut, og dessuten var der fullt.

Palairos, lita hamn med plass til ca 12 båter då eit charterselskap har ein pir for seg sjølv. Godt motteken av nokre smågutar som til slutt kunne fange tau, fekk ein euro kvar og vel nøgde.

Etter kvart vart hamna full, og det var laurdag, så ikkje rart at vi då  gjerne vil ha ein god middag på land ein slik vekedag. Vart kjende med nabobåten, eit par frå Austraila, Peter og Kerri fra Adelaide, i ein velvaksen Halberg Rassy. Skal visste vere ein båt av dei argaste:)

Vi spaserte, etter  tips dei hadde fått, høgt oppi fjellet og kom til ein spesiell restaurant, New Mill.(VOF sjefen hadde dessverre gløymt kamera i båten)

Anbefaler denne  om du skulle vere på desse kanter, då vinflaska vi fekk på bordet var 5 liter, altså ei halv bøtte.

IMG_2865

Her ligger S/Y Aurora og HR- båten, den argaste, frå Australia side om side i Palairos

Kultiverte og ordentlige som vi er, drakk vi sjølvsagt ein tredel, men idet vi gjekk derfrå, med bakker der vi sette i gong alt av  lårmusklar vi har att, sat sjølvsagt britane igjen, langt nedi flaska.Nokon er der ikkje botn i , som vi seier 🙂 Nok om det, som far seier 🙂

VOF sjefens kontor

VOF sjefens kontor

Ellers fekk vi tips om at i Palairos, som då er på fastlandet, kan ein vere utsett for tjuveri.Berre til opplysning for de som skal dit.Du veit, skal du vere kjeltring på ei lita øy kan du ikkje flykte før ferja går, og det kan vere 2 gonger om dagen.  Har kjeltringen eigen båt så har øyas bebuarar kontroll på kvar  og ein av dei. Uansett, vi har aldri vore utsette for tjuvpakk, men ein veit aldri. Uff,uff for eit tema.

Ei hendig taxi . Dersom de trur det er ein golfbil, så har de misforstått, for her er ikkje ei golfbane i sikte nokon plass, så DETTE er taxi.

Ei hendig taxi . Dersom de trur det er ein golfbil, så har de misforstått, for her er ikkje ei golfbane i sikte nokon plass, så DETTE er taxi.

Synd at han missta klorinflaska i baljen når han skulle vaske kjeledressen.

Synd at han missta klorinflaska i baljen når han skulle vaske kjeledressen.

Var ein tur innom  hundremeterskogen og fann honnonglageret til selveste  Ole B.

Var ein tur innom hundremeterskogen og fann honnonglageret til selveste Ole B.

Ha ei fin helg alle saman:)

Mvh

VOF-sjefen

Leave a Reply