Archive for april, 2015

PostHeaderIcon Vathi 27.april 2015. Kva er max mål for at det kan kallast brødskive?

Den tjukkaste brødskiva eg nokon gong har fått servert:)

Den tjukkaste brødskiva eg nokon gong har fått servert:)

Besøk av Snowbird v/Asbjørn og Johanna

 

I det vi skulle dra fra Vathi til  Ithaca fekk vi den hyggelge meldinga om at Snowbird var på veg hit. Vi stoppa sjølvsagt opp  her då og hadde ein koseleg kveld og dag.

Vi er inne i ei god sommerperiode no, så shorts, solkrem, sandaler,caps og trivselpil på 10 er  det vi har og treng.

Asbjørns og Johannas catamaran. Reine øvre Singsaker:)

Asbjørns og Johannas catamaran. Reine øvre Singsaker:)

Koseleg fellesmiddag.Vi var første gjester for sesongen og fekk 20% rabatt. Kva  rabatten er rekna frå stiller vi ikkje spørsmål ved :)

Koseleg fellesmiddag.Vi var første gjester for sesongen og fekk 20% rabatt. Kva rabatten er rekna frå stiller vi ikkje spørsmål ved 🙂

Johanna gav oss den beste maten.Nybaka Snowbird-boller nam..

Johanna gav oss den beste maten.Nybaka Snowbird-boller nam..

Farvel til  kokusmatta:

VOF sjefen har no måtte teke farvel med den røytande matte vi har hatt  med oss på heile turen. Om nokon ynskjer den, ligg den på kaia i Vathi, er 70 cm i diameter  og er veldig stødig. Den røyter litt i perioder , men ved godt stell vil nok du nok trives som forsterforelder til denne rakkaren av ein kar.

jaja, Torill var no ikkje akkurat den som var i MOT å kaste matta.

jaja, Torill var no ikkje akkurat den som var i MOT å kaste matta.

Ellers går livet sin sjøgang. Vi er på Kalamos, ei godt hamn, men utan vatn og straum, som ikkje bekymrer oss så mykje, for med 2 store vanntanker og med eit forbruk på 8 liter pr. person når vi tek ein dusj ein gong i veka,og vi er mykje ute, så  er det ikkje så ille med hud og hår. Sjøluft og kroppslukt  i skjønn forening 🙂

Neinei, ikkje tru at vi er uhygeniske.Vi har våre kjemikalsike rensemetodar.

Stort sett alle hamner vi er innom har ikkje sesongen starta enno, slik som her på Kalamos.Dei som venter mest på sesongstart er nok kattane på restaurantane.

Vi må finne vatn etter mørkrets frambrot

Vi må finne vatn etter mørkrets frambrot

Skal du inngjerde eigedomen din er det viktigast at ingen greir å hoppe over porten:)

Skal du inngjerde eigedomen din er det viktigast at ingen greir å hoppe over porten:)

I morgen går nok ferda vidare.Kvar? ja det vil vise seg.

Ha ein fin dag du også. I alle fall så bra som den kan bli ut frå din ståstad.

VOF-sjefen

Kaptein Bjarne, Torill og Harald helsar også 🙂

VOF sjefen stikk hovudet opp og kontrollerer at alle har det bra :)

VOF sjefen stikk hovudet opp og kontrollerer at alle har det bra 🙂

PostHeaderIcon Vi trimmar vidare Nidri 24.april 2015

Som spreke ungdomar tok vi i dag laust og la turen sørvest. Planen var å forløyse oss frå Nidri marina i dag, men avtala i går kveld var at kom det 300 regndråper skulle vi «stay overnight», og det gjorde vi.

Som gode trimmande landkrabber, i tillegg til sjøkrabber vi er, traska vi avgarde, som sagt, sørvest. Bilder vil forklare kva vi fekk oppleve på denne lystige, lette trimturen.

Nokre camper med bil og lager si vesle oppleving dre. Skal seiast at VOF sjefen oppserverte ein del uro i blen idet bilete blei teke :)))

Nokre camper med bil og lager si vesle oppleving dre. Skal seiast at VOF sjefen oppserverte ein del uro i bilen idet bilete blei teke :)))

For ein kombinasjon. Gravplass for båtar og menneske.

For ein kombinasjon. Gravplass for båtar og menneske.

Nokre båtar er friske og tidige, andre har teke kvelden

Nokre båtar er friske og tidige, andre har teke kvelden

Kos dokke vidare alle saman slik vi koser oss med triveselpila alltid på pluss.

Varme helsingar frå VOF sjefen og mannskapet.( det var artig å skrive at eg har mitt eige mannskap hehe)

I morgen slepp vi tampane for neste hamn:))))

PostHeaderIcon Nidri 23.april 2015

Då er vesterålingane, Torill og Harald vel ombord i S/Y Aurora.

Radraparet Torill og Harald

Radarparet Torill og Harald

Vi er i Nidri,der vi har vore mange gonger før og som vi trives veldig godt .  Kaptein Bjarne haddde førhandbestilt Hellas sin beste biff hos superhelt og sitronsjonglør George på Ola Kala restaurent og det var poeng 10/10.

Det har vore mykje snakka om ein turistattraksjon Waterfalls her i Nidri. Som gode vestlinger og vestrålinger har vi no tenkt at waterfalls har vi noe evig nok av.

Likevel manna vi oss opp i dag og pila stod som vanleg på trivsel.

Pakka våre sekker med vatn og kluter og traska i veg. Måtte spørje oss fram i starten.Temperatur + 20 grader er perfekt turver. Gjekk først gjennom Øvre Singsaker der piffen bodde , men etter kvart møtte vi dei menige. Gjekk faktisk litt feil , ca 30 m, men vart stoppa av 3 schæferhunder som attpåtil glefste mot chiefen Harald. DÅ var vi ikkje i tvil at vi var på farlege stier.

Her held vi godt tempo

Her held vi godt tempo

Med litt vatn-pause og sitronslang trakka vi vidare.

Kjære lesarar.Om de trur at dette var ei lang reise for oss spreke, så var det berre 9 km. Ei rute som  kjendes som ei lita oppvarming.

Fram kom vi, og også tilbake. 2 kafestopp, og synet av ei middels stor «grov», men eit romatisk og vakkert syn skal seiast, for ikkje å skuffe grekarane.

Heime lager vi no attraksjoner av samer i  eit telt midt i Sogn der vi ikkje ser ein rein ein gong, så kvifor ikkje?

 

Ein liten rakkar vi jogga forbi

Ein liten rakkar vi jogga forbi

Litt forsyninger tillet vi oss

Litt forsyninger tillet vi oss

Skal no seiast at der var no ikkje så verst der oppe

Skal no seiast at der var no ikkje så verst der oppe

Eit godt lag

Eit godt lag som var samla i Lefkas til ein koseleg middag

VOF sjefen helsar frå oss alle ombord.

PostHeaderIcon Middelhavet 2015

 

No er det 4 år sidan vi segla frå Norge. Ufattelig kor fort tida går i glade dagerJ Vi har no vore heime i Norge sidan november 2014, og den daglegdagse kommentaren har vore: Er dokke ikkje ute og seglar? Ja vi er det no nesten halvparten av året og det gjer godt både for kropp og sjel, og heldige er vi som har helsa i god behald pr. i dagJ,og kan fullføre draumer som vi har hatt. Det skal seiast at det har vore mange års planlegging før denne reisa vår starta, og takksame er vi at vi har fått desse åra. Stor takk til våre familier som gleder seg saman med oss.

Pr. i dag ligg vi på vår hamn Lefkas på øya Lefkada. Vi har no vore her ei vekes tid. Kom med fly til Athen og tok «Nordfjordekspresssen» til Lefkas som tek omlag 5 timer.

S/Y Aurora har lege på vatnet i vinter og hatt det  bra, takka vere servicekompaniet Sailand v/Andreas som har teke godt vare på skuta vår. Ymse vedlikehaldsarbeid har blitt utført den vesle stunda ho var på land i april. Ja , vi har ikkje hatt mykje tull med denne Bavaria-jenta her, men etter 10 år treng ho litt ekstra forpleiningJ

Nye hendinger heime 2015:

VOF-sjefen har nedkomme med eit nytt barnebarn, 27 mars, vesle Jensine Pernille. Barnebarn nr 3. Hadde kvalitetstid med ho før vi reiste til Middelhavet. Utruleg kor små desse nyfødde er,. Har gløymt det sjølv om eg har fått 4 av dei. Uansett, eit vidunder og eit under i livetJ

Bjarne, kapteinen, er blitt kvitt sin prolaps i ryggen som han har hatt sidan okt..2014 pluss han har erverva seg ny bandsagJ

VOF- sjefen har lært enda meir om opp-pussing av gammalt treverk.henv. fredning av Tingvoll.(fanesak)

Bjarne, kapteinen , har kjøpt seg ny Moods of Norway shorts.

Tingvoll sommerstoveIMG_2691 (2)

Vårt hobbyprosjekt heime i Stryn,Lensmannsgarden Tingvoll

tingvoll restaurering 2013 (2)

 

Kaptein Bjarne med blyant og papir

 

 

 

 

 

Barnevogna fra 1890jensine pernille (38)  venter på lille Jensine Pernille

hanne sofie 2014 tingvoll dodge (22)

Lensmannen har fri medan vi er  i Middelhavet

tingvoll nov 2013 (15)

Det har vaskehjelpa og 🙂tingvoll nov 2013 (8)

 

I dag 19. april Lekfas:

Nydeleg ver, og vi venter vårt faste mannskap om bord, Torill og Harald Johansen frå sjølvaste Vesterålen. Gode  vener som vi trives godt med og som har god seglererfaring frå si Colin Archer skute, Konstanse, som også har vore i Middelhavet.

Så kjære alle som fylgjer bloggen vår, ta ein liten titt på facebooksidene der vi melder om oppdateringer, men det med internett er ikkje ein sjølvfylge for oss, så stundom har vi nett, andre tider ikkjeJ

Dette var opningsbloggen for 2015 og vi har det berre bra. «Leiligheta « vår er ca 40m2 og vi har 3 doble soverom. Stue og kjøkken i ett, 2 bad og ein fantastisk veranda med absolutt  den beste utsikta du kan få.

Ha ein fin april vidare. Varme helsingar frå VOF-sjefen og kaptein Bjarne

 

 

våren er i alle fall komen her på Lefkada

våren er i alle fall komen her på Lefkada

Priviantering må til:)

Priviantering må til:)