PostHeaderIcon Middelhavet 2015

 

No er det 4 år sidan vi segla frå Norge. Ufattelig kor fort tida går i glade dagerJ Vi har no vore heime i Norge sidan november 2014, og den daglegdagse kommentaren har vore: Er dokke ikkje ute og seglar? Ja vi er det no nesten halvparten av året og det gjer godt både for kropp og sjel, og heldige er vi som har helsa i god behald pr. i dagJ,og kan fullføre draumer som vi har hatt. Det skal seiast at det har vore mange års planlegging før denne reisa vår starta, og takksame er vi at vi har fått desse åra. Stor takk til våre familier som gleder seg saman med oss.

Pr. i dag ligg vi på vår hamn Lefkas på øya Lefkada. Vi har no vore her ei vekes tid. Kom med fly til Athen og tok «Nordfjordekspresssen» til Lefkas som tek omlag 5 timer.

S/Y Aurora har lege på vatnet i vinter og hatt det  bra, takka vere servicekompaniet Sailand v/Andreas som har teke godt vare på skuta vår. Ymse vedlikehaldsarbeid har blitt utført den vesle stunda ho var på land i april. Ja , vi har ikkje hatt mykje tull med denne Bavaria-jenta her, men etter 10 år treng ho litt ekstra forpleiningJ

Nye hendinger heime 2015:

VOF-sjefen har nedkomme med eit nytt barnebarn, 27 mars, vesle Jensine Pernille. Barnebarn nr 3. Hadde kvalitetstid med ho før vi reiste til Middelhavet. Utruleg kor små desse nyfødde er,. Har gløymt det sjølv om eg har fått 4 av dei. Uansett, eit vidunder og eit under i livetJ

Bjarne, kapteinen, er blitt kvitt sin prolaps i ryggen som han har hatt sidan okt..2014 pluss han har erverva seg ny bandsagJ

VOF- sjefen har lært enda meir om opp-pussing av gammalt treverk.henv. fredning av Tingvoll.(fanesak)

Bjarne, kapteinen , har kjøpt seg ny Moods of Norway shorts.

Tingvoll sommerstoveIMG_2691 (2)

Vårt hobbyprosjekt heime i Stryn,Lensmannsgarden Tingvoll

tingvoll restaurering 2013 (2)

 

Kaptein Bjarne med blyant og papir

 

 

 

 

 

Barnevogna fra 1890jensine pernille (38)  venter på lille Jensine Pernille

hanne sofie 2014 tingvoll dodge (22)

Lensmannen har fri medan vi er  i Middelhavet

tingvoll nov 2013 (15)

Det har vaskehjelpa og 🙂tingvoll nov 2013 (8)

 

I dag 19. april Lekfas:

Nydeleg ver, og vi venter vårt faste mannskap om bord, Torill og Harald Johansen frå sjølvaste Vesterålen. Gode  vener som vi trives godt med og som har god seglererfaring frå si Colin Archer skute, Konstanse, som også har vore i Middelhavet.

Så kjære alle som fylgjer bloggen vår, ta ein liten titt på facebooksidene der vi melder om oppdateringer, men det med internett er ikkje ein sjølvfylge for oss, så stundom har vi nett, andre tider ikkjeJ

Dette var opningsbloggen for 2015 og vi har det berre bra. «Leiligheta « vår er ca 40m2 og vi har 3 doble soverom. Stue og kjøkken i ett, 2 bad og ein fantastisk veranda med absolutt  den beste utsikta du kan få.

Ha ein fin april vidare. Varme helsingar frå VOF-sjefen og kaptein Bjarne

 

 

våren er i alle fall komen her på Lefkada

våren er i alle fall komen her på Lefkada

Priviantering må til:)

Priviantering må til:)

2 Responses to “Middelhavet 2015”

  • Else Jenny says:

    Så kjekt å høre at dokke koser dokke! Morsomt at Kapteinen sin nyinnkjøpte shorts
    er på høgde med Jensine i nyheitsfaktor. Det seier kanskje littnom kor ofte han kjøper
    ny shorts 😉 Koselige bilder, vi gleder oss til å følge med vidare 🙂 klem

  • Åhhh, kos dere masse! Enda 1 mnd. før vi kommer oss avgårde 🙂 Fint skrevet Henny, jeg får en god følelse! Vi følger dere!! 🙂

Leave a Reply