PostHeaderIcon Vathi 27.april 2015. Kva er max mål for at det kan kallast brødskive?

Den tjukkaste brødskiva eg nokon gong har fått servert:)

Den tjukkaste brødskiva eg nokon gong har fått servert:)

Besøk av Snowbird v/Asbjørn og Johanna

 

I det vi skulle dra fra Vathi til  Ithaca fekk vi den hyggelge meldinga om at Snowbird var på veg hit. Vi stoppa sjølvsagt opp  her då og hadde ein koseleg kveld og dag.

Vi er inne i ei god sommerperiode no, så shorts, solkrem, sandaler,caps og trivselpil på 10 er  det vi har og treng.

Asbjørns og Johannas catamaran. Reine øvre Singsaker:)

Asbjørns og Johannas catamaran. Reine øvre Singsaker:)

Koseleg fellesmiddag.Vi var første gjester for sesongen og fekk 20% rabatt. Kva  rabatten er rekna frå stiller vi ikkje spørsmål ved :)

Koseleg fellesmiddag.Vi var første gjester for sesongen og fekk 20% rabatt. Kva rabatten er rekna frå stiller vi ikkje spørsmål ved 🙂

Johanna gav oss den beste maten.Nybaka Snowbird-boller nam..

Johanna gav oss den beste maten.Nybaka Snowbird-boller nam..

Farvel til  kokusmatta:

VOF sjefen har no måtte teke farvel med den røytande matte vi har hatt  med oss på heile turen. Om nokon ynskjer den, ligg den på kaia i Vathi, er 70 cm i diameter  og er veldig stødig. Den røyter litt i perioder , men ved godt stell vil nok du nok trives som forsterforelder til denne rakkaren av ein kar.

jaja, Torill var no ikkje akkurat den som var i MOT å kaste matta.

jaja, Torill var no ikkje akkurat den som var i MOT å kaste matta.

Ellers går livet sin sjøgang. Vi er på Kalamos, ei godt hamn, men utan vatn og straum, som ikkje bekymrer oss så mykje, for med 2 store vanntanker og med eit forbruk på 8 liter pr. person når vi tek ein dusj ein gong i veka,og vi er mykje ute, så  er det ikkje så ille med hud og hår. Sjøluft og kroppslukt  i skjønn forening 🙂

Neinei, ikkje tru at vi er uhygeniske.Vi har våre kjemikalsike rensemetodar.

Stort sett alle hamner vi er innom har ikkje sesongen starta enno, slik som her på Kalamos.Dei som venter mest på sesongstart er nok kattane på restaurantane.

Vi må finne vatn etter mørkrets frambrot

Vi må finne vatn etter mørkrets frambrot

Skal du inngjerde eigedomen din er det viktigast at ingen greir å hoppe over porten:)

Skal du inngjerde eigedomen din er det viktigast at ingen greir å hoppe over porten:)

I morgen går nok ferda vidare.Kvar? ja det vil vise seg.

Ha ein fin dag du også. I alle fall så bra som den kan bli ut frå din ståstad.

VOF-sjefen

Kaptein Bjarne, Torill og Harald helsar også 🙂

VOF sjefen stikk hovudet opp og kontrollerer at alle har det bra :)

VOF sjefen stikk hovudet opp og kontrollerer at alle har det bra 🙂

Leave a Reply