Archive for mai, 2015

PostHeaderIcon 27.mai 2015 Vesle Norge

Vart eit kort opphald i neste hamn, då det kom over eteren at det var storbesøk i Nidri.S/Y Oda var ventandes med Per M og Elisabeth som no har segla jorda rundt.

Spenninga var til å ta å føle på , for å møte facebook-langturseglarar-vener» live», høyrest spennande ut.

Det vart eit riktig triveleg møte med Per og Elisabeth om bord i S/Y Oda med sprudlevatn og noko attåt.

Felles middag på Saranda også saman med  kongen i bukta, Svein, og ei lita samling om bord i S/Y Aurora etterpå. I skrivandes stund kjenner VOF-sjefen at det heilt sikkert har vore ein lang og kjempehyggelig kveld.

Vesle Norge samla ombord i S/Y Oda

Vesle Norge samla ombord i S/Y Oda

Når veteraner møtes skal det no diskuterast mykje teknisk, og der VOF sjefen dett litt av.Til og med Elisabeth kunne stille opp med slangeklemmeproblem , Volvomotoren  sitt livslaup , ja eg måtte berre beundre hennar kunnskaper innan dette. VOF- sjefen veit no at vi har ein rein sugemotor, men det hjelper ikkje så mykje når problemet står derJ

Har funne ut no at det er tre emne eg må lære meir av: Motor, elektriske koplingar og strikking.Eller kanskje eg ikkje orker . Kan no litt forskjellig anna, så eg trur  likevel eg skal greie meg bra vidare.

Ja, vi hadde det verkeleg kjekt:)

Ja, vi hadde det verkeleg kjekt:)

Eit lite utdrag av samtale på restaurant:

..Ein skulle hatt motor nr 2 ( ja ein kan faktisk få nytt hjerte)

.. Ikkje nødvendig, følg manualane til Volvo så får du ikkje problem

..Du, drar du opp seildrevet?

..Lekkasje i botnen) ja kven har ikkje det)

..Oljen blir kvit

..Fekk olje i simringen(ikkje slim-ringen, for det må no vere rockering spør du meg)

Og slik går no diskusjonane…

Det viktigaste for VOF sjefen er at alle har det bra og eg har det no ikkje så verst eg heller :))

 

TRENG KAPTEINEN NYE SANDALER?

Sandaler har ei god og ei dårleg side, men her er begge like ille.

Sandaler har ei god og ei dårleg side, men her er begge like ille.

MEN, disse er forbudt ombord i S/Y Aurora.VOF-sjefen har bestemt.

MEN, disse er forbudt ombord i S/Y Aurora.VOF-sjefen har bestemt.

Vi hadde ein litt vindfull dag i går, men no er det berre fryd og gaman. Sender dokke nokre godbiter av bilete til slutt:

Dette er nok VOF-sjefen om nokre år om eg blir vandrandes  her i sol på mine litt eldre dager.Gode sandaker og god framdrift:)

Dette er nok VOF-sjefen om nokre år om eg blir vandrandes her i sol på mine litt eldre dager.Gode sandaker og god framdrift:)

Kvifor slite ut armane når ein kan bruke hovudet meir..

Kvifor slite ut armane når ein kan bruke hovudet meir..

Neidå, eg kiker ikkje på deg som ligg på stranda nei...

Neidå, eg kiker ikkje på deg som ligg på stranda nei…

Sjå på meg då, eg har farlege greier. Det er faktisk ein slags "harpun" Skal seiast at her låg VOF-sjefen lavt i terrenget.

Sjå på meg då, eg har farlege greier. Det er faktisk ein slags «harpun» Skal seiast at her låg VOF-sjefen lavt i terrenget.

Dei raude capsane har fått seg ein ny ven.

Dei raude capsane har fått seg ein ny ven.

Ha ein glad dag vidare, alle kjære som fylgjer oss på bloggen.

VOF sjefen og hennar kaptein

PostHeaderIcon 22.mai 2015 Bikini og hønemor

Etter eit kjempefint opphald i Nidri og med Jens som guide,var det på tide å flytte på seg.

Fekk oss ein  synfaringstur med Jens pr. bil. Var innom huset hans i landsbyen Kathahori, og vitja ein spesiell bar der Mr. Bill var sjefen.Ein verkeleg koseleg kar som også kunne tilfredsstille enhelskmennene med sitt mørke øl. Ikkje noko for VOF-sjefen, men karane lika det godt.Eg ser lyst på det og tek eit glas kvitvin:)

Er ikkje så glad i det mørke eg..hverken på klede,tanker eller drikke(unnateke Hennesey), for eg heiter faktisk engentleg Henny på daglegspråket.

 

Jens og kaptein Bjarne utanfor Bill sin bar, men kva gøymde det seg bak baren?Sjå neste bilete

Ja kapteinen lurte .. Faktisk eit lite uteområde for konsertar, men korleis skal ein få rydda her? hm

Ja kapteinen lurte .. Faktisk eit lite uteområde for konsertar, men korleis skal ein få rydda her? hm

Og ikkje minst her! Alt ordner nok seg , ting tek berre tid av og til, kjære kapteinen min.

Og ikkje minst her! Alt ordner nok seg , ting tek berre tid av og til, kjære kapteinen min.

VOF-sjefen laga seg mustasj av Bill håt. PS ! Det var heilt nyvaska

VOF-sjefen laga seg mustasj av Bill hår. PS ! Det var heilt nyvaska:)

Bikinien vart kjøpt på butikken» Beauty» før avreise frå Nidri.To søte små tøybiter i raudt, kvitt og blått, sjølvsagt.

Alle kropper kler ein bikini der vi får sleppe sola litt lettare til. Må seie at eg er ingen elskar av badedrakt. Kvifor? Veit ikkje heilt, men trur det er den  same kjensla som eg trur  farsen har når den skal stappast inn i ei trang nylonstrømpe. Nok om det, som han far sa 🙂

Her har du den omtala.No går eg NED i biletstørrelse:)

Hvor enn du går i li og fjell, en vinterdag en sommerkveld..... Det er VOF-sjef i raudt-kvitt og blått

Hvor enn du går i li og fjell, en vinterdag en sommerkveld…..
Det er VOF-sjef i raudt-kvitt og blått

Snittbilete:)

Snittbilete:)

Gjennomsnittbilete

Gjennomsnittbilete

Kom til Sivota i forgårs.Prøvde først å  legge til på den sør-austlege enden av bukta, men dårleg ankerfeste og dybda var ca 10 m.Fleire prøvde seg og her og det var det alle typer anker 🙂 Nokre få  greidde å klore seg fast. Vi låg ved ei privat brygge longside, men måtte flytte neste dag, så vi la til på Stavros-brygga der det både er straum og vatn, og betalinga dei skal ha er at du et middag på Stavros restaurant. Heilt greit, for mat må vi ha uansett. Det er dessutan meldt sterk vind, men i skrivandes stund ser no det greit ut. Kanskje den drar på ut over ettermiddagen.

Dette vart kjedeleg stoff for dokke av lesarane som liker litt fanteriskriverier :), men tenkte var var greie opplysninger om andre skal hit.

Her er også ei grei brygge ved yacht-baren. Der koster det 24 euro pr. natt.

Enkelt rekna: På Stavros brygge får du for same prisen både mat, parkering, straum  og vatn + dusj for dei som absolutt ikkje kan dusje om bord. Ingen dusj er så herlig som Aurora-dusjen uten fotsopp,engelsk, tysk og hollandsk svette og andre basselusker som elsker offentlege baderom.Nok om det som han far sa 🙂

Slike store ser vi nesten ikkje:) Populært å ligge utanfor Scorpio, Onassis øy, VAR. no er den russisk.

Slike store ser vi nesten ikkje:) Populært å ligge utanfor Scorpio, Onassis øy, VAR. no er den russisk.

Av og til SER vi nokre av desse men dei er så store at det ikkje er plass i mitt Canon kamera(fotoapparat)

Av og til SER vi nokre av desse men dei er så store at det ikkje er plass i mitt Canon kamera(fotoapparat)

Fjell av kalkstein. Her får du det i stor utgåve

Fjell av kalkstein. Her får du det i stor utgåve

Det er ei svært populær hamn denne Sivota, og kan anbefalast.Vi var her sist for 2 år sidan, og enno hugser vi denne dama med hønene:

Mor sine høner på vegen utslepte, Henny var ute med kamera sitt..

Mor sine høner på vegen utslepte, Henny var ute med kamera sitt..

 

Då takker eg for denne gong, og i tastande stunde ligg vi her.  VOF-sjefen og kaptein Bjarne

Då takker eg for denne gong, og i tastande stunde ligg vi her.
VOF-sjefen og kaptein Bjarne

PostHeaderIcon 17.mai Ananke

Då var vår feiring over.Ein strålandes dag med gode vener, og ikkje minst 30 grader pluss pluss.

Kaptein Bjarne og Jens står for pynting av båt utvendig.Ikkje VOF-sjefens ansvar. Dette er VP- Velferdspynte-ansvarlige.

Kaptein Bjarne og Jens står for pynting av båt utvendig.Ikkje VOF-sjefens ansvar. Dette er VP- Velferdspynte-ansvarlige.

Som seg hør og bør ein slik vakker dag, er det champagne-lunsj.

Strame karer med hovudet heva på høgtidsdagen.:)

Strame karer med hovudet heva på høgtidsdagen.:)

Inn i mellim våre diskusjoner som ofte dreier seg om båt og sjølvsagt Velferd-og forplining, vurderte vi i løpet av dagen om vi skulle starte med ei bitte lita attåtnæring.

Denne skulle egne seg for eit aldri så lite sardinfiske

Denne skulle egne seg for eit aldri så lite sardinfiske

Etter kvart var det tid  for synfaring.Turen gjekk til Vasiliki, var innom Ananka, Jens sin båt, og innom den lokale båtklubben.

Desse karane hadde mange tekniske vurderinger, men VOF-sjefen gjekk for denn:

Desse karane hadde mange tekniske vurderinger, men VOF-sjefen gjekk for denne:

Då forstod eg alt så mykje lettare:))

Då forstod eg alt så mykje lettare:))

Nydelig middag hos George. Ette kvart kveldna det litt etter litt og det var på tide å feire vår dag vidare saman med Hollendarar og Dansker, sjølv om vi har lausreve oss frå dei sistnemnde. Som barnebarnet Romeo, 3 år seier: Gode venner deler:)

Den vesle 17. mai duken er sponsa av Ommedal Manufaktur v/Elin i Stryn

Den vesle 17. mai duken er sponsa av Ommedal Manufaktur v/Elin i Stryn

Takk for ein strålandes dag.Kjolen her er sponsa av Hanne  Sofie, og fekk svært gode skulsmål frå mange.

Takk for ein strålandes dag.Kjolen her er sponsa av Hanne Sofie, og fekk svært gode skulsmål frå mange.

Håper familie og vener har hatt ei fin feiring. Det med å motta og sende bilde på mobil, snakke på face, instagram, er jammen det ikkje enkelt her nede, så dokke får halde dokke til bloggen, der bilete er fanga med eit Cannon fotoapparat, eller kamera som de seier:)

I overmorgon, eller i morgon blir det bikininyhende. Den er allerei komen ombord. 🙂

PostHeaderIcon 15.mai 2015 ny påhengsmotor

 

Etter 2 år med service, utsletne startreim-armar, svettetokter og forbudte ord, bestemte kapteinen at no er det slutt og over for Suzukien, sjølv om der var plass til heile  6 hester.

Heldisvis ligg vi ved ei hamn der dei styrer  med slike saker. VOF sjefen vart send opp, ein liten sunnmøring veit du, og det vart forhandla både med ein ny og om den gamle som innbytte.

Fornøgd kapteien kan ikkje sjå seg mett :)

Fornøgd kapteien kan ikkje sjå seg mett 🙂

Då er det farvel til Suzukien for har fylgd oss prikkfritt  nesten , nesten heile tida.No får du kose deg på "heimen" og få kvile :)

Då er det farvel til Suzukien for har fylgd oss prikkfritt nesten , nesten heile tida.No får du kose deg på «heimen» og få kvile 🙂

Faren til påhengaren sjekker at alt er ok medan kapteien dobbeltsjekker

Faren til påhengaren sjekker at alt er ok medan kapteien dobbeltsjekker

Må seie at eg lærde bitte lite grann om desse rakkarane av motorer  🙂

Ferdig med forhandlinger

Ferdig med forhandlinger

 

Valget vart: Mercury, 5 hestar,for den sjette hesten har vi aldri hatt bruk for. Han har som regel stått på stall utan kuskJ og etter  det VOF-sjefen har forstått i etterkant, gjorde ho ein god handel, så då blir det snart ny bikini hehe.

Ja, fornøgd, og denne gong sponsa av Moods of Norway som heldigvis held den blå fargekoden slik at plagg matcher år etter år. Her sko, herlig pustande t-skjorte og ein fantastisk shorts

Ja, fornøgd, og denne gong sponsa av Moods of Norway som heldigvis held den blå fargekoden slik at plagg matcher år etter år. Her sko, herlig pustande t-skjorte og ein fantastisk shorts

Gradestokken ligg jamt på 30, så i går jolla vi oss ut på ein badetur, medbrakt vatn, vin  og litt kosemat.

Velferds og forpleiningssjefen passer på at slikt er på stell kan du tru, men denne gongen gløymde ho glas.Kva gjer vi då? Drikke vin av flaske , nei, ikkje så romantisk. Skulle vi då berre drikke vatn? Sunt nok, men vi hadde no litt lysst på antioksydanter.

Løysing:

Drakk først mykje vatn, slo ut resten , og her kjem kapteinen inn i bilete. Med ein sliten bordkniv vart det eit vanleg glas og eit med stett, ja, til og med stativ til stetten 🙂

Nydelege glas

Nydelege glas

Til og med stativ

Til og med stativ

Ein liten luring som har sett garn over bukta og dreg det opp ein tidleg morgon. Ja, vi får passe på vårt ser det ut til- Fint forkle, forresten.

Ein liten luring som har sett garn over bukta og dreg det opp ein tidleg morgon. Ja, vi får passe på vårt ser det ut til- Fint forkle, forresten.

Nei, her er så mykje smårips at eg gidd ikkje å anstrenge meg. Tek ein liten siesta:)

Nei, her er så mykje smårips at eg gidd ikkje å anstrenge meg. Tek ein liten siesta:)

Dette var dagens vesle historie. No lader vi opp til 17. mai, slik som dokke heime, men  bunadane får kvile i år.

VOF-sjefen

PostHeaderIcon 12.mai Torden og hagl

Vind 20 m/sek

Dagen starta så solfylt frå Lefkas. Pluss 30 grader.

Vi ankom Nidri Marina si brygge ca 13.30. Nyyydelig ver, ja veldig varmt. Etter ein times tid såg vi svarten i horisont nord, og plutselig kom der sterk vind med påfylgjande hagl og torden. Heldigvis låg vi på den «gode» sida, men 2 av båtane som låg motsatt, ja, der løsna ankerfeste(var faktisk Rocna :)) og båten(ane) fekk seg skade mot kaia. Dei hadde då berre eitt val, dra til havs til veret løya, og det gjorde dei.

PS: Vi har Bruce- anker og har aldri hatt problem med det :), så kva med dette oppskrytte Rocna-ankeret?Oj, dette var teknisk av VOF-sjefen:)

Då sit vi her om bord i salongen og venter på betre ver. Tett og varmt har vi det, så det står ikkje på oss.

Alle mann til pumpene

Alle mann til pumpene, kapteinen nr 2 frå venstre:)

Her hagler og bles det men i god Moods of Norway seilerjakke og superherlig Moods-shorts,er VOF sjefen kledd for det meste:)

Her hagler og bles det men i god Moods of Norway seilerjakke og superherlig Moods-shorts,er VOF sjefen kledd for det meste:)

I dag , 12. mai er det berre fryd og gaman. Vinden har løya, så no er det berre sov-i-ro dønningar.Sola skin og gradestokken syner 28 grader pluss.

Ein fantastik flott stein som kallast Tasos Fotis.Finnast i nærleiken av Igomenitsa.

Ein fantastik flott stein som kallast Tasos Fotis.Finnast i nærleiken av Igomenitsa.

Då kjære lesarar, var det litt informasjon for denne gong. I løpet av veka skal VOF sjefen sjå om ho får tid til å speide etter ny bikini, så fylg med 🙂 Her er det ikkje mykje prat om knop-vindretning, reving av segl, fart gjennom sjøen, toalettproblem og andre tekniske saker. Nei, dette er ein blogg om livets glade dager, i alle fall når VOF-sjefen er skribent 🙂

 

PostHeaderIcon 10.mai 2015 ny bikini?

10.mai 2015

I går hadde vi ein fin kveld på kubansk bar, Habanas, saman med Peter frå Australia  som ligg ved hamn her med  HR-båten Kerry.

I morgon kaster vi loss att og tek oss ein ny rundtur på mange herlige hamner og bukter, så korleis det går vidare med Kaptein Bjarne og VOF-sjefen, får de vite i neste kapittel.

PS: VOF-sjefen har planer om innkjøp av ny bikini då den gamle har segla mange nautiske mil, så det KAN hende de får sjå den i seinare kapittel om de fylgjer oss på bloggen 🙂

Gode helsingar frå oss to 🙂

Johanne sitt meisterverk. Tusen takk igjen:)

Johanne sitt meisterverk. Tusen takk igjen:)

Tru det eller ei, heimestrikka vaskefille frå Vesterålen. VOF- sjefen har ikkje samvet å kalle dette ei fille

Tru det eller ei, heimestrikka vaskefille frå Vesterålen. VOF- sjefen har ikkje samvet å kalle dette ei fille

 

 

Her er tre av våre sponsorer(fleire får de vite seinare).Det er: Teppe: Maria og Brian Solbriller: Inger Elisabeth Caps: Simen. Takker:)

Her er tre av våre sponsorer(fleire får de vite seinare).Det er: Teppe: Maria og Brian
Solbriller: Inger Elisabeth
Caps: Simen.
Takker:)

PostHeaderIcon 6. mai Lefkas Avreise Vesterålen

 

I morgon er det avreise for mannskapet frå  Bø i Vesterålen. Alltid stussleg når nokon skal heim.

Snowbird m/Asbjørn og Johanne var også komne hit så det vart ei fin stund om bord der saman med JAT, svensken Tommy med frue. Sidan vart det Gyros på land.

Vi, kaptein og VOF sjefen takker Harald og Torill for fine og artige stunder om bordJ , som alltid 🙂

Koselige stunder ombord, Torill og Harald

Koselige stunder ombord, Torill og Harald

Gyroskveld med  svensker, vesterålinger , finnmarksværingerværinger og nordfjordinger

Gyroskveld med svensker, vesterålinger , finnmarksværinger og nordfjordinger

Pakka og klart

Pakka og klart

Ja der var bagasjen, ja

Ja der var bagasjen, ja

Er dette berre til oss to? Ja, faktisk.

Er dette berre til oss to? Ja, faktisk.

 

 

 

PostHeaderIcon 4.mai 2015 Nidri -Fårikål

 

I dag vart det badestranda.ein liten grei spasertur, og vips så låg sol -sengane der. Torill og VOF sjefen var ikkje seine om å leggje på svøm, og snart kom Chiefen etter, om så litt nølande.. Vil anslå ein temperatur på 20 grader i vatnet. Kapteinen er enno ikkje heilt klar for lauging, men snart er tempen oppe i 25 i vatnet og då  har vi han der J

Om kvelden vart det middag på Ola Kala (Ok) saman med catamaranen Snowbird og Unique.Som alltid er der nydelig mat og god stemning.

Ja du ser riktig! Her har dama teke båten fatt og gjeve mannen flåten:)

Ja du ser riktig! Her har dama teke båten fatt og gjeve mannen flåten:)

Den gongen alle foråt seg på fårikål og var mette i 3 dager:

Kvelden enda med ein avtale om at det skulle arrangerast fårikålmiddag om bord i Aurora, og det vart det. Lam vart slakta og kutta i ymse faktorer, og  alle supermarked vart raida for kål av Harald og Torill.

Johanne frå Snowbird kom med vertsgåve, eit båtsydd  flaskeforkle. Ja det er ikkje den ting den dama ikkje greier å sno ut av hendene frå tekstil til produkt.Tusen takk skal du ha ! 10 liters kasserolle vart jolla bort til S/Y Aurora, frå storkjøkken-leverandør Snowbird.

Å du og du kor vi åt! Hadde nesten ikkje tid for ein liten skål. Alle var i full konsentrasjon om denne nasjonale retten som var kokkelert av helsesjefen Torill.

Ikkje nok med det, som far sa, hadde vi friske jordbær med sukker  og fløte til dessert.Ja eg hugser enno og kjenner  kor tung alt dette var å bere på, men som smakte vidunderlig godt.

Full konsentrasjon om fåren og kålen :)

Full konsentrasjon om fåren og kålen 🙂

Den sjuande blondina var fotografen :):)

Den sjuande blondina var fotografen :):)

Kapteinen åt ikkje på 3 dager, og han er no ein rørsleg kar, så då kan de tenkje dokke kva vi klemde i oss. Helsesjefen skulle ha stoppa oss i tide.

På tur ombord, men det er no slik med desse månebilda frå ein amatørfotograf.

På tur ombord, men det er no slik med desse månebilda frå ein amatørfotograf.

Vennleg

VOF sjefen

 

PostHeaderIcon Vasiliki 1. mai 2015 «Inernasjonalen»:)

30.april var vi i Frikes på Ithaca.Grei hamn , gratis, utan vatn og straum. VOF sjefen vel å kalle plassen Friskbris, for dalatrekkjen råder her. Ellers skal de hugse, at har dei ikkje menyliste med priser, så kan du ende opp i luksusfella, for aldri har vi betalt så mykje for eit måltid.

Vi hadde trass alt ein vidunderlig middag der vi kjøpte heile kyllingen dei hadde , bortsett frå eit lår som sikkert vart salat dagen etter. Nydelig dessert hadde vi, men då kapteinen spurte om whisky til kaffien, vart kokka engasjert for å sjå om ho hadde noko som ho brukte i dessertane. Jau, det skal seiast: Ho kom med biscuits til kaffen i staden for whisky. Ja så feil kan ein ta, men det smakte sikkert heilt greit.

Tidlegare på dagen, då vi ankom hamna , var vi litt svoltne på ein lunsj på ein annan «kafe». Vi innfjordingane var ikkje verre på det enn ordra ein omelett.Dei andre på laget hengde seg på, men svaret var at butikken var stengt og dei hadde ikkje egg .VOF-sjefen spurte om dei ikkje hadde høne, men den tok dei ikkjeJ Ja, kva skal ein lage ein eggeomelett av uten egg? Det vart lagt inn ei bestillling på sandwich med ham and cheese, men grisen var ikkje slakta, så det måtte bli ost og tomat og evnt, litt champignon. Resolutte som vi var, sette vi inn ordren. Sandwichane kom, servert av ei svett mor som ikkje hadde vaska håret på 3 veker,buksa hadde streka i asfalten siste året, og sonen som kom frå skulen, litt «halvskjeten» fekk også æra av å servere til desse skandinaviske som hadde erobra restauranten.

Kapteinen klemde i seg  med motto: Svolt  kom å treng deg på, her skal du berre litt motstand få.

VOF-sjefen la sin lit til tomatane.

Våre gjester frå nord var så lure at dei bestilte steikte sardiner, og til historia skal seiast at mottoet her vart: Gode venner deler…, som VOF sjefen har lært av sitt 3 årige barnebarnet  RomeoJ

 

Noko betre enn Biscaya  klippfisk fly og bussbåren frå Vesterålen skal du leite lene etter. Og, alltid noko raudt til maten på ein 1. mai dag:)))

Noko betre enn Biscaya klippfisk fly og bussbåren frå Vesterålen skal du leite lene etter. Og, alltid noko raudt til maten på ein 1. mai dag:)))

Kapteinen og Chiefen lurer på om her er framtid for arbeid:)

Kapteinen og Chiefen lurer på om her er framtid for arbeid:)

1.mai forlet vi Frikes, eller Friskis som eg vel å kalle det, for ein dalatrekk utan like skal de vite at det er der.

Då ingen av   mannskapet om bord i S/Y Aurora er tilhengarar av AP, det raude partiet, så kom vi ikkje unna å sjekke teksten etter kvart som vi fekk nett, på denne 1.mai songen, Inernasjonalen. Komklusjon: Grotesk tekst, nok snakkaJ Det gjeld både på bokmål og nynorsk, så pass de veit detJ

 

Kapteinen og VOF sjfen sponsa av Moods of Noray. Kanskje vi har surfeplaner?

Kapteinen og VOF sjfen sponsa av Moods of Noray. Kanskje vi har surfeplaner?

Som sagt Vasiliki, heilt sør på Lefkada, ein positiv overrasking:

, 1. mai med  «Internasjonalen» i bakhovudet(dessverre) , ankom vi ei romsleg hamn. Slik vi såg det, etter ein 90 minutters spasertur og med plakater kor mykje EU har spytta inn med kapital, må dette bli Hellas sitt store turistmål. Ja, det ligg sjølvsagt litt tungt for oss non-EU members at vi betaler mykje for slike gilde, men seriøst har VOF- sjefen tru på at dett blir  ein supre plass for surfarar og ellers oss  andre som kanskje treng enkle måter å kome seg fram på .M.a . blir heile strandpromenaden lagt med brustein, og for trøtte bein kan vi kome oss fint fram til alle «stasjoner»vi trengJ

MEN: Ei hamn med mykje svell. VOF-sjefen likte det då ho fekk kjenne kor godt det var å bli vugga i søvn, for det skjønte ho ikkje får etter 62 årJ

Ikkje krise, om vi sløser med vatn, bestiller vi tankbil:)

Ikkje krise, om vi sløser med vatn, bestiller vi tankbil:)

Ein varm  3 mai, sommaren er komenJ

overfart. Ligg no på Nidri Marina, omringa av, sjølvsagt, engelskmenn, ja, faktisk ein russar har myge seg inn, men krig blir det ikkje.No  har VOF-sjefen skjøna at eg skal vere litt forsiktig politisk i dette forum, men LITT ledetråder kan det no vere greit å gje dokke, slik at de  blir meir kjend med S/Y AURORA  og mannskapet.

Vi har då helsa på kjentmannen her i bukta, kjære Svein Tore, og i dag blir det ein god middag på land, og ikkje minst: EIN DUSJ J Vi har tilgong på vatn og straum, så litt sløsing  blir det i dag.

 

Gode helsingar og klemmar frå

VOF-sjefen, kaptein Bjarne og kjære  Harald og Torill frå Vesterålen som har tenkt å forlate oss i slutten av veka.

Fin jente, denne Aurora

Fin jente, denne Aurora

Vi seglar snart vidare, og kos dokke med bloggen vår:)

Vi seglar snart vidare, og kos dokke med bloggen vår:)