Dag: 10. mai 2015

10.mai 2015 ny bikini?

10.mai 2015

I går hadde vi ein fin kveld på kubansk bar, Habanas, saman med Peter frå Australia  som ligg ved hamn her med  HR-båten Kerry.

I morgon kaster vi loss att og tek oss ein ny rundtur på mange herlige hamner og bukter, så korleis det går vidare med Kaptein Bjarne og VOF-sjefen, får de vite i neste kapittel.

PS: VOF-sjefen har planer om innkjøp av ny bikini då den gamle har segla mange nautiske mil, så det KAN hende de får sjå den i seinare kapittel om de fylgjer oss på bloggen 🙂

Gode helsingar frå oss to 🙂

Johanne sitt meisterverk. Tusen takk igjen:)

Johanne sitt meisterverk. Tusen takk igjen:)

Tru det eller ei, heimestrikka vaskefille frå Vesterålen. VOF- sjefen har ikkje samvet å kalle dette ei fille

Tru det eller ei, heimestrikka vaskefille frå Vesterålen. VOF- sjefen har ikkje samvet å kalle dette ei fille

 

 

Her er tre av våre sponsorer(fleire får de vite seinare).Det er: Teppe: Maria og Brian Solbriller: Inger Elisabeth Caps: Simen. Takker:)

Her er tre av våre sponsorer(fleire får de vite seinare).Det er: Teppe: Maria og Brian
Solbriller: Inger Elisabeth
Caps: Simen.
Takker:)

6. mai Lefkas Avreise Vesterålen

 

I morgon er det avreise for mannskapet frå  Bø i Vesterålen. Alltid stussleg når nokon skal heim.

Snowbird m/Asbjørn og Johanne var også komne hit så det vart ei fin stund om bord der saman med JAT, svensken Tommy med frue. Sidan vart det Gyros på land.

Vi, kaptein og VOF sjefen takker Harald og Torill for fine og artige stunder om bordJ , som alltid 🙂

Koselige stunder ombord, Torill og Harald

Koselige stunder ombord, Torill og Harald

Gyroskveld med  svensker, vesterålinger , finnmarksværingerværinger og nordfjordinger

Gyroskveld med svensker, vesterålinger , finnmarksværinger og nordfjordinger

Pakka og klart

Pakka og klart

Ja der var bagasjen, ja

Ja der var bagasjen, ja

Er dette berre til oss to? Ja, faktisk.

Er dette berre til oss to? Ja, faktisk.

 

 

 

4.mai 2015 Nidri -Fårikål

 

I dag vart det badestranda.ein liten grei spasertur, og vips så låg sol -sengane der. Torill og VOF sjefen var ikkje seine om å leggje på svøm, og snart kom Chiefen etter, om så litt nølande.. Vil anslå ein temperatur på 20 grader i vatnet. Kapteinen er enno ikkje heilt klar for lauging, men snart er tempen oppe i 25 i vatnet og då  har vi han der J

Om kvelden vart det middag på Ola Kala (Ok) saman med catamaranen Snowbird og Unique.Som alltid er der nydelig mat og god stemning.

Ja du ser riktig! Her har dama teke båten fatt og gjeve mannen flåten:)

Ja du ser riktig! Her har dama teke båten fatt og gjeve mannen flåten:)

Den gongen alle foråt seg på fårikål og var mette i 3 dager:

Kvelden enda med ein avtale om at det skulle arrangerast fårikålmiddag om bord i Aurora, og det vart det. Lam vart slakta og kutta i ymse faktorer, og  alle supermarked vart raida for kål av Harald og Torill.

Johanne frå Snowbird kom med vertsgåve, eit båtsydd  flaskeforkle. Ja det er ikkje den ting den dama ikkje greier å sno ut av hendene frå tekstil til produkt.Tusen takk skal du ha ! 10 liters kasserolle vart jolla bort til S/Y Aurora, frå storkjøkken-leverandør Snowbird.

Å du og du kor vi åt! Hadde nesten ikkje tid for ein liten skål. Alle var i full konsentrasjon om denne nasjonale retten som var kokkelert av helsesjefen Torill.

Ikkje nok med det, som far sa, hadde vi friske jordbær med sukker  og fløte til dessert.Ja eg hugser enno og kjenner  kor tung alt dette var å bere på, men som smakte vidunderlig godt.

Full konsentrasjon om fåren og kålen :)

Full konsentrasjon om fåren og kålen 🙂

Den sjuande blondina var fotografen :):)

Den sjuande blondina var fotografen :):)

Kapteinen åt ikkje på 3 dager, og han er no ein rørsleg kar, så då kan de tenkje dokke kva vi klemde i oss. Helsesjefen skulle ha stoppa oss i tide.

På tur ombord, men det er no slik med desse månebilda frå ein amatørfotograf.

På tur ombord, men det er no slik med desse månebilda frå ein amatørfotograf.

Vennleg

VOF sjefen

 

© 2021 S/Y Aurora

Tema av Anders NorénOpp ↑