PostHeaderIcon 12.mai Torden og hagl

Vind 20 m/sek

Dagen starta så solfylt frå Lefkas. Pluss 30 grader.

Vi ankom Nidri Marina si brygge ca 13.30. Nyyydelig ver, ja veldig varmt. Etter ein times tid såg vi svarten i horisont nord, og plutselig kom der sterk vind med påfylgjande hagl og torden. Heldigvis låg vi på den «gode» sida, men 2 av båtane som låg motsatt, ja, der løsna ankerfeste(var faktisk Rocna :)) og båten(ane) fekk seg skade mot kaia. Dei hadde då berre eitt val, dra til havs til veret løya, og det gjorde dei.

PS: Vi har Bruce- anker og har aldri hatt problem med det :), så kva med dette oppskrytte Rocna-ankeret?Oj, dette var teknisk av VOF-sjefen:)

Då sit vi her om bord i salongen og venter på betre ver. Tett og varmt har vi det, så det står ikkje på oss.

Alle mann til pumpene

Alle mann til pumpene, kapteinen nr 2 frå venstre:)

Her hagler og bles det men i god Moods of Norway seilerjakke og superherlig Moods-shorts,er VOF sjefen kledd for det meste:)

Her hagler og bles det men i god Moods of Norway seilerjakke og superherlig Moods-shorts,er VOF sjefen kledd for det meste:)

I dag , 12. mai er det berre fryd og gaman. Vinden har løya, så no er det berre sov-i-ro dønningar.Sola skin og gradestokken syner 28 grader pluss.

Ein fantastik flott stein som kallast Tasos Fotis.Finnast i nærleiken av Igomenitsa.

Ein fantastik flott stein som kallast Tasos Fotis.Finnast i nærleiken av Igomenitsa.

Då kjære lesarar, var det litt informasjon for denne gong. I løpet av veka skal VOF sjefen sjå om ho får tid til å speide etter ny bikini, så fylg med 🙂 Her er det ikkje mykje prat om knop-vindretning, reving av segl, fart gjennom sjøen, toalettproblem og andre tekniske saker. Nei, dette er ein blogg om livets glade dager, i alle fall når VOF-sjefen er skribent 🙂

 

One Response to “12.mai Torden og hagl”

  • Harald says:

    Ja åsså et rustfritt Bruce anker i tillegg ( har du tenkt på det sa Ole Brum )
    Kos dere videre i sola , her regner det, og det er IKKE varmvatten.

Leave a Reply