Etter 2 år med service, utsletne startreim-armar, svettetokter og forbudte ord, bestemte kapteinen at no er det slutt og over for Suzukien, sjølv om der var plass til heile 6 hester.
Heldisvis ligg vi ved ei hamn der dei styrer med slike saker. VOF sjefen vart send opp, ein liten sunnmøring veit du, og det vart forhandla både med ein ny og om den gamle som innbytte.

Då er det farvel til Suzukien for har fylgd oss prikkfritt nesten , nesten heile tida.No får du kose deg på «heimen» og få kvile 🙂
Må seie at eg lærde bitte lite grann om desse rakkarane av motorer 🙂
Valget vart: Mercury, 5 hestar,for den sjette hesten har vi aldri hatt bruk for. Han har som regel stått på stall utan kuskJ og etter det VOF-sjefen har forstått i etterkant, gjorde ho ein god handel, så då blir det snart ny bikini hehe.

Ja, fornøgd, og denne gong sponsa av Moods of Norway som heldigvis held den blå fargekoden slik at plagg matcher år etter år. Her sko, herlig pustande t-skjorte og ein fantastisk shorts
Gradestokken ligg jamt på 30, så i går jolla vi oss ut på ein badetur, medbrakt vatn, vin og litt kosemat.
Velferds og forpleiningssjefen passer på at slikt er på stell kan du tru, men denne gongen gløymde ho glas.Kva gjer vi då? Drikke vin av flaske , nei, ikkje så romantisk. Skulle vi då berre drikke vatn? Sunt nok, men vi hadde no litt lysst på antioksydanter.
Løysing:
Drakk først mykje vatn, slo ut resten , og her kjem kapteinen inn i bilete. Med ein sliten bordkniv vart det eit vanleg glas og eit med stett, ja, til og med stativ til stetten 🙂

Ein liten luring som har sett garn over bukta og dreg det opp ein tidleg morgon. Ja, vi får passe på vårt ser det ut til- Fint forkle, forresten.
Dette var dagens vesle historie. No lader vi opp til 17. mai, slik som dokke heime, men bunadane får kvile i år.
VOF-sjefen
15. mai 2015 at 18:56
Gratulerer med ny påhengar. Regner med at kapteinen blir sendt på land for å forhandle om ny bikini til vof. sjefen. Vi gleder oss til den historien.
Ha en fin 17 mai.