PostHeaderIcon 22.mai 2015 Bikini og hønemor

Etter eit kjempefint opphald i Nidri og med Jens som guide,var det på tide å flytte på seg.

Fekk oss ein  synfaringstur med Jens pr. bil. Var innom huset hans i landsbyen Kathahori, og vitja ein spesiell bar der Mr. Bill var sjefen.Ein verkeleg koseleg kar som også kunne tilfredsstille enhelskmennene med sitt mørke øl. Ikkje noko for VOF-sjefen, men karane lika det godt.Eg ser lyst på det og tek eit glas kvitvin:)

Er ikkje så glad i det mørke eg..hverken på klede,tanker eller drikke(unnateke Hennesey), for eg heiter faktisk engentleg Henny på daglegspråket.

 

Jens og kaptein Bjarne utanfor Bill sin bar, men kva gøymde det seg bak baren?Sjå neste bilete

Ja kapteinen lurte .. Faktisk eit lite uteområde for konsertar, men korleis skal ein få rydda her? hm

Ja kapteinen lurte .. Faktisk eit lite uteområde for konsertar, men korleis skal ein få rydda her? hm

Og ikkje minst her! Alt ordner nok seg , ting tek berre tid av og til, kjære kapteinen min.

Og ikkje minst her! Alt ordner nok seg , ting tek berre tid av og til, kjære kapteinen min.

VOF-sjefen laga seg mustasj av Bill håt. PS ! Det var heilt nyvaska

VOF-sjefen laga seg mustasj av Bill hår. PS ! Det var heilt nyvaska:)

Bikinien vart kjøpt på butikken» Beauty» før avreise frå Nidri.To søte små tøybiter i raudt, kvitt og blått, sjølvsagt.

Alle kropper kler ein bikini der vi får sleppe sola litt lettare til. Må seie at eg er ingen elskar av badedrakt. Kvifor? Veit ikkje heilt, men trur det er den  same kjensla som eg trur  farsen har når den skal stappast inn i ei trang nylonstrømpe. Nok om det, som han far sa 🙂

Her har du den omtala.No går eg NED i biletstørrelse:)

Hvor enn du går i li og fjell, en vinterdag en sommerkveld..... Det er VOF-sjef i raudt-kvitt og blått

Hvor enn du går i li og fjell, en vinterdag en sommerkveld…..
Det er VOF-sjef i raudt-kvitt og blått

Snittbilete:)

Snittbilete:)

Gjennomsnittbilete

Gjennomsnittbilete

Kom til Sivota i forgårs.Prøvde først å  legge til på den sør-austlege enden av bukta, men dårleg ankerfeste og dybda var ca 10 m.Fleire prøvde seg og her og det var det alle typer anker 🙂 Nokre få  greidde å klore seg fast. Vi låg ved ei privat brygge longside, men måtte flytte neste dag, så vi la til på Stavros-brygga der det både er straum og vatn, og betalinga dei skal ha er at du et middag på Stavros restaurant. Heilt greit, for mat må vi ha uansett. Det er dessutan meldt sterk vind, men i skrivandes stund ser no det greit ut. Kanskje den drar på ut over ettermiddagen.

Dette vart kjedeleg stoff for dokke av lesarane som liker litt fanteriskriverier :), men tenkte var var greie opplysninger om andre skal hit.

Her er også ei grei brygge ved yacht-baren. Der koster det 24 euro pr. natt.

Enkelt rekna: På Stavros brygge får du for same prisen både mat, parkering, straum  og vatn + dusj for dei som absolutt ikkje kan dusje om bord. Ingen dusj er så herlig som Aurora-dusjen uten fotsopp,engelsk, tysk og hollandsk svette og andre basselusker som elsker offentlege baderom.Nok om det som han far sa 🙂

Slike store ser vi nesten ikkje:) Populært å ligge utanfor Scorpio, Onassis øy, VAR. no er den russisk.

Slike store ser vi nesten ikkje:) Populært å ligge utanfor Scorpio, Onassis øy, VAR. no er den russisk.

Av og til SER vi nokre av desse men dei er så store at det ikkje er plass i mitt Canon kamera(fotoapparat)

Av og til SER vi nokre av desse men dei er så store at det ikkje er plass i mitt Canon kamera(fotoapparat)

Fjell av kalkstein. Her får du det i stor utgåve

Fjell av kalkstein. Her får du det i stor utgåve

Det er ei svært populær hamn denne Sivota, og kan anbefalast.Vi var her sist for 2 år sidan, og enno hugser vi denne dama med hønene:

Mor sine høner på vegen utslepte, Henny var ute med kamera sitt..

Mor sine høner på vegen utslepte, Henny var ute med kamera sitt..

 

Då takker eg for denne gong, og i tastande stunde ligg vi her.  VOF-sjefen og kaptein Bjarne

Då takker eg for denne gong, og i tastande stunde ligg vi her.
VOF-sjefen og kaptein Bjarne

Leave a Reply