PostHeaderIcon 27.mai 2015 Vesle Norge

Vart eit kort opphald i neste hamn, då det kom over eteren at det var storbesøk i Nidri.S/Y Oda var ventandes med Per M og Elisabeth som no har segla jorda rundt.

Spenninga var til å ta å føle på , for å møte facebook-langturseglarar-vener» live», høyrest spennande ut.

Det vart eit riktig triveleg møte med Per og Elisabeth om bord i S/Y Oda med sprudlevatn og noko attåt.

Felles middag på Saranda også saman med  kongen i bukta, Svein, og ei lita samling om bord i S/Y Aurora etterpå. I skrivandes stund kjenner VOF-sjefen at det heilt sikkert har vore ein lang og kjempehyggelig kveld.

Vesle Norge samla ombord i S/Y Oda

Vesle Norge samla ombord i S/Y Oda

Når veteraner møtes skal det no diskuterast mykje teknisk, og der VOF sjefen dett litt av.Til og med Elisabeth kunne stille opp med slangeklemmeproblem , Volvomotoren  sitt livslaup , ja eg måtte berre beundre hennar kunnskaper innan dette. VOF- sjefen veit no at vi har ein rein sugemotor, men det hjelper ikkje så mykje når problemet står derJ

Har funne ut no at det er tre emne eg må lære meir av: Motor, elektriske koplingar og strikking.Eller kanskje eg ikkje orker . Kan no litt forskjellig anna, så eg trur  likevel eg skal greie meg bra vidare.

Ja, vi hadde det verkeleg kjekt:)

Ja, vi hadde det verkeleg kjekt:)

Eit lite utdrag av samtale på restaurant:

..Ein skulle hatt motor nr 2 ( ja ein kan faktisk få nytt hjerte)

.. Ikkje nødvendig, følg manualane til Volvo så får du ikkje problem

..Du, drar du opp seildrevet?

..Lekkasje i botnen) ja kven har ikkje det)

..Oljen blir kvit

..Fekk olje i simringen(ikkje slim-ringen, for det må no vere rockering spør du meg)

Og slik går no diskusjonane…

Det viktigaste for VOF sjefen er at alle har det bra og eg har det no ikkje så verst eg heller :))

 

TRENG KAPTEINEN NYE SANDALER?

Sandaler har ei god og ei dårleg side, men her er begge like ille.

Sandaler har ei god og ei dårleg side, men her er begge like ille.

MEN, disse er forbudt ombord i S/Y Aurora.VOF-sjefen har bestemt.

MEN, disse er forbudt ombord i S/Y Aurora.VOF-sjefen har bestemt.

Vi hadde ein litt vindfull dag i går, men no er det berre fryd og gaman. Sender dokke nokre godbiter av bilete til slutt:

Dette er nok VOF-sjefen om nokre år om eg blir vandrandes  her i sol på mine litt eldre dager.Gode sandaker og god framdrift:)

Dette er nok VOF-sjefen om nokre år om eg blir vandrandes her i sol på mine litt eldre dager.Gode sandaker og god framdrift:)

Kvifor slite ut armane når ein kan bruke hovudet meir..

Kvifor slite ut armane når ein kan bruke hovudet meir..

Neidå, eg kiker ikkje på deg som ligg på stranda nei...

Neidå, eg kiker ikkje på deg som ligg på stranda nei…

Sjå på meg då, eg har farlege greier. Det er faktisk ein slags "harpun" Skal seiast at her låg VOF-sjefen lavt i terrenget.

Sjå på meg då, eg har farlege greier. Det er faktisk ein slags «harpun» Skal seiast at her låg VOF-sjefen lavt i terrenget.

Dei raude capsane har fått seg ein ny ven.

Dei raude capsane har fått seg ein ny ven.

Ha ein glad dag vidare, alle kjære som fylgjer oss på bloggen.

VOF sjefen og hennar kaptein

2 Responses to “27.mai 2015 Vesle Norge”

  • Else Jenny says:

    Haha, ikkje lett å henge med når det kjem til fagprat. Neste gong får du slenge inn ord som «dåpsreiv», «dobbeltspent» og «riksantikvar». «Ein dobbeltspent båtmotor med slapp dåpsreiv seier du? Det kan rikantikvaren sikkert fikse!» Hehe 😉

  • Skip o hoi! Koselig å følge dere i sludd og regnvær i 1000 m.o.h. Vi burde vært ombord i s/y Morgengry nå, men Skipperen er dessverre blitt syk, Sarcoidose som han skal begynne behandling for. Så vi måtte rett og slett avbest. mai/juni-turen. Neste tur er i august/sept., og da håper vi at vi er trygt ombord igjen 🙂 Men det er flott å være på «reis» sammen med dere 🙂 Fortsatt god ferie!! Hilsen fra Kapteinen 🙂

Leave a Reply