PostHeaderIcon 4.mai 2015 Nidri -Fårikål

 

I dag vart det badestranda.ein liten grei spasertur, og vips så låg sol -sengane der. Torill og VOF sjefen var ikkje seine om å leggje på svøm, og snart kom Chiefen etter, om så litt nølande.. Vil anslå ein temperatur på 20 grader i vatnet. Kapteinen er enno ikkje heilt klar for lauging, men snart er tempen oppe i 25 i vatnet og då  har vi han der J

Om kvelden vart det middag på Ola Kala (Ok) saman med catamaranen Snowbird og Unique.Som alltid er der nydelig mat og god stemning.

Ja du ser riktig! Her har dama teke båten fatt og gjeve mannen flåten:)

Ja du ser riktig! Her har dama teke båten fatt og gjeve mannen flåten:)

Den gongen alle foråt seg på fårikål og var mette i 3 dager:

Kvelden enda med ein avtale om at det skulle arrangerast fårikålmiddag om bord i Aurora, og det vart det. Lam vart slakta og kutta i ymse faktorer, og  alle supermarked vart raida for kål av Harald og Torill.

Johanne frå Snowbird kom med vertsgåve, eit båtsydd  flaskeforkle. Ja det er ikkje den ting den dama ikkje greier å sno ut av hendene frå tekstil til produkt.Tusen takk skal du ha ! 10 liters kasserolle vart jolla bort til S/Y Aurora, frå storkjøkken-leverandør Snowbird.

Å du og du kor vi åt! Hadde nesten ikkje tid for ein liten skål. Alle var i full konsentrasjon om denne nasjonale retten som var kokkelert av helsesjefen Torill.

Ikkje nok med det, som far sa, hadde vi friske jordbær med sukker  og fløte til dessert.Ja eg hugser enno og kjenner  kor tung alt dette var å bere på, men som smakte vidunderlig godt.

Full konsentrasjon om fåren og kålen :)

Full konsentrasjon om fåren og kålen 🙂

Den sjuande blondina var fotografen :):)

Den sjuande blondina var fotografen :):)

Kapteinen åt ikkje på 3 dager, og han er no ein rørsleg kar, så då kan de tenkje dokke kva vi klemde i oss. Helsesjefen skulle ha stoppa oss i tide.

På tur ombord, men det er no slik med desse månebilda frå ein amatørfotograf.

På tur ombord, men det er no slik med desse månebilda frå ein amatørfotograf.

Vennleg

VOF sjefen

 

One Response to “4.mai 2015 Nidri -Fårikål”

  • Else Jenny says:

    Åh, fårikål høyrtes godt ut! Her går det i Fjordland med øydelagt komfyr. Artig kommentar med blondinene. Såg ut til at dokke kosa dokke skikkelig. Hels kapteinen. 🙂 klem

Leave a Reply