PostHeaderIcon Vasiliki 1. mai 2015 «Inernasjonalen»:)

30.april var vi i Frikes på Ithaca.Grei hamn , gratis, utan vatn og straum. VOF sjefen vel å kalle plassen Friskbris, for dalatrekkjen råder her. Ellers skal de hugse, at har dei ikkje menyliste med priser, så kan du ende opp i luksusfella, for aldri har vi betalt så mykje for eit måltid.

Vi hadde trass alt ein vidunderlig middag der vi kjøpte heile kyllingen dei hadde , bortsett frå eit lår som sikkert vart salat dagen etter. Nydelig dessert hadde vi, men då kapteinen spurte om whisky til kaffien, vart kokka engasjert for å sjå om ho hadde noko som ho brukte i dessertane. Jau, det skal seiast: Ho kom med biscuits til kaffen i staden for whisky. Ja så feil kan ein ta, men det smakte sikkert heilt greit.

Tidlegare på dagen, då vi ankom hamna , var vi litt svoltne på ein lunsj på ein annan «kafe». Vi innfjordingane var ikkje verre på det enn ordra ein omelett.Dei andre på laget hengde seg på, men svaret var at butikken var stengt og dei hadde ikkje egg .VOF-sjefen spurte om dei ikkje hadde høne, men den tok dei ikkjeJ Ja, kva skal ein lage ein eggeomelett av uten egg? Det vart lagt inn ei bestillling på sandwich med ham and cheese, men grisen var ikkje slakta, så det måtte bli ost og tomat og evnt, litt champignon. Resolutte som vi var, sette vi inn ordren. Sandwichane kom, servert av ei svett mor som ikkje hadde vaska håret på 3 veker,buksa hadde streka i asfalten siste året, og sonen som kom frå skulen, litt «halvskjeten» fekk også æra av å servere til desse skandinaviske som hadde erobra restauranten.

Kapteinen klemde i seg  med motto: Svolt  kom å treng deg på, her skal du berre litt motstand få.

VOF-sjefen la sin lit til tomatane.

Våre gjester frå nord var så lure at dei bestilte steikte sardiner, og til historia skal seiast at mottoet her vart: Gode venner deler…, som VOF sjefen har lært av sitt 3 årige barnebarnet  RomeoJ

 

Noko betre enn Biscaya  klippfisk fly og bussbåren frå Vesterålen skal du leite lene etter. Og, alltid noko raudt til maten på ein 1. mai dag:)))

Noko betre enn Biscaya klippfisk fly og bussbåren frå Vesterålen skal du leite lene etter. Og, alltid noko raudt til maten på ein 1. mai dag:)))

Kapteinen og Chiefen lurer på om her er framtid for arbeid:)

Kapteinen og Chiefen lurer på om her er framtid for arbeid:)

1.mai forlet vi Frikes, eller Friskis som eg vel å kalle det, for ein dalatrekk utan like skal de vite at det er der.

Då ingen av   mannskapet om bord i S/Y Aurora er tilhengarar av AP, det raude partiet, så kom vi ikkje unna å sjekke teksten etter kvart som vi fekk nett, på denne 1.mai songen, Inernasjonalen. Komklusjon: Grotesk tekst, nok snakkaJ Det gjeld både på bokmål og nynorsk, så pass de veit detJ

 

Kapteinen og VOF sjfen sponsa av Moods of Noray. Kanskje vi har surfeplaner?

Kapteinen og VOF sjfen sponsa av Moods of Noray. Kanskje vi har surfeplaner?

Som sagt Vasiliki, heilt sør på Lefkada, ein positiv overrasking:

, 1. mai med  «Internasjonalen» i bakhovudet(dessverre) , ankom vi ei romsleg hamn. Slik vi såg det, etter ein 90 minutters spasertur og med plakater kor mykje EU har spytta inn med kapital, må dette bli Hellas sitt store turistmål. Ja, det ligg sjølvsagt litt tungt for oss non-EU members at vi betaler mykje for slike gilde, men seriøst har VOF- sjefen tru på at dett blir  ein supre plass for surfarar og ellers oss  andre som kanskje treng enkle måter å kome seg fram på .M.a . blir heile strandpromenaden lagt med brustein, og for trøtte bein kan vi kome oss fint fram til alle «stasjoner»vi trengJ

MEN: Ei hamn med mykje svell. VOF-sjefen likte det då ho fekk kjenne kor godt det var å bli vugga i søvn, for det skjønte ho ikkje får etter 62 årJ

Ikkje krise, om vi sløser med vatn, bestiller vi tankbil:)

Ikkje krise, om vi sløser med vatn, bestiller vi tankbil:)

Ein varm  3 mai, sommaren er komenJ

overfart. Ligg no på Nidri Marina, omringa av, sjølvsagt, engelskmenn, ja, faktisk ein russar har myge seg inn, men krig blir det ikkje.No  har VOF-sjefen skjøna at eg skal vere litt forsiktig politisk i dette forum, men LITT ledetråder kan det no vere greit å gje dokke, slik at de  blir meir kjend med S/Y AURORA  og mannskapet.

Vi har då helsa på kjentmannen her i bukta, kjære Svein Tore, og i dag blir det ein god middag på land, og ikkje minst: EIN DUSJ J Vi har tilgong på vatn og straum, så litt sløsing  blir det i dag.

 

Gode helsingar og klemmar frå

VOF-sjefen, kaptein Bjarne og kjære  Harald og Torill frå Vesterålen som har tenkt å forlate oss i slutten av veka.

Fin jente, denne Aurora

Fin jente, denne Aurora

Vi seglar snart vidare, og kos dokke med bloggen vår:)

Vi seglar snart vidare, og kos dokke med bloggen vår:)

Leave a Reply