Archive for juni, 2015

PostHeaderIcon Nesten klar for heimreise 11.juni 2015

No har vi vore på havet berre 2 månader. Ja, eg skriv berre.. Utruleg kor fort tida går:( Ein kan undre seg, kva er det som er drivkrafta til dette? Jau, det skal eg fortelje deg. Vi veit alle, dei fleste, at vi lever ein gong , og livet er egentlig veldig kort.

Mange får born,dei veks opp, og har det stort sett bra. Ein har brukt  70 % av livet til å sjå og hjelpe til at det meste går bra med desse borna våre. Så har vi att dei 30% som vi bør vie til oss sjølve om helsa er god,sånn ala ok:)

Har vi kjent på kva det er å leve? Borna våre er dei største inspiratorane, og egentlig vår oppgåve vidare i livet. Men, når vi ser at dei greier seg bra, er det då ikkje tid for kvalitetstid for oss foreldre?

VOF-sjefen og kaptein Bjarne har kjent litt på dette. Vi lever 24 timer  på ein liten hyblel. Vi diskuterer  liv og lagnad, ser ikkje på tv, men får med oss ei og anna nyheit når vi er på land. Vi produserer vår eigen straum via solpanlel og er forsiktig med bruk av vatn, men ikkje tru at vi er skitne:) Havet ligg klar og blankt, så det er berre å hoppe i det:).

Siste liten klesvask ombord

Siste liten klesvask ombord

Slik kommunikasjonen er i dag kan vi betale våre forpliktelser heime på nett, om ikkje kassa blir tom då:)) Vi møter menneske som er i same «slow-motion», diskuterer kvardagslege saker og  vi tek vare på kvarandre.

Då tenkjer VOF-sjefen: Skulle ikkje felire av oss  ta meir vare på  det korte livet vi har ? Mange har draumer om å gjere ditt og datt når dei blir pensjonister. Ventetida  kan få mange skjær i sjøen, og draumen går i grava:(

Apropos pensjonttida. Hater ordet førøvrig. Tenk alle pengane staten hover inn for dei som fell bort tidleg! Godt opparbeidde penger. Her i Hellas kan ein pensjonist overføre pensjonen sin til neste generasjon. Ide heime?

No er VOF- sjefen litt sentimental, men vil berre prøve å formidle at det finnast eit liv utanom heimen i kortare periodar, der vi kan kjenne på kva det er på leve.

No blir seta tome til hausten, men S/Y Aurora venter på oss då

No blir seta tome til hausten, men S/Y Aurora venter på oss då

Litt svinn må ein rekne med:)

Litt svinn må ein rekne med:)

Gode naboer kjem med sil. Ja vi er gode på omega 3 og antioksydanter:))

Gode naboer kjem med sil. Ja vi er gode på omega 3 og antioksydanter:))

Nokre pensjonoster i slagstøvler..

Nokre pensjonoster i slagstøvler..

Men også unge familier har oppdaga dette fantastiske livet

Men også unge familier har oppdaga dette fantastiske livet

Ikkje tid for søtsaker her:)) Frukt og grønt står i modus, ja ikkje  minst  det druene kan gje:))

Ikkje tid for søtsaker her:)) Frukt og grønt står i modus, ja ikkje minst det druene kan gje:))

S/Y Aurora skal ligge trygt her i hamn i Lafkas  på øya Lefkada til vi kjem attende til ho seint i haust.

S/Y Aurora skal ligge trygt her i hamn i Lefkas på øya Lefkada til vi kjem attende til ho seint i haust.

Då vil VOF-sjefen takke alle som har følgt oss på denne reisa, og vi  høyrast seint i haust.

VOF-sjefen må heim å skrive bryllupstale til sonen, ja for det har eg ikkje hatt tid til her  mellom alle dei store oppgåvene ein VOF-sjef har. Ellers skal det og bli namnefest for borneborn, Jensine Pernille, og gode samlinger med vener og familie.

Glad i dokke alle!

PostHeaderIcon 4.juni – Den offisielle sandal-dagen!  

 

Herved er 4. juni oppretta som ein offisiell sandal-dag, der alle må sjekke «stoda» på sine inngådde framkomstmiddel.

Sjekkpunkt: Såle kan ikkje vere mindre enn 1 mm

Evnt. Borrelås må fungere, ikkje vere fulle av lo og skit

Vinkelen på sålen må ikkje gå mot ytre hel eller indre plattfot

Skulle du observere at du er innom desse punkta, gå direkte til sandalbutikken!

Kaptein Bjarne oppfylte ingen punkta, så no har det hendt! Nye sandaler har kome om bord i S/Y Aurora. No er han autorisert sandal-gåer i 5 år til.

Det vart IKKJE:

Desse har VOF sjefen sagt si meining om tidlegare, Styggare sko kan ikkje designast.

Desse har VOF sjefen sagt si meining om tidlegare, Styggare sko kan ikkje designast.

Det vart heller ikkje,(må skuffe Torill og Ingrid):

VOF sjefen likte ikkje gangen på kapteinen  her. Alt vart i sakte kino, og VOF.sjefen har dårleg tid!

VOF sjefen likte ikkje gangen på kapteinen her. Alt vart i sakte kino, og VOF.sjefen har dårleg tid!

Før dokke får vite kva valget vart, må VOF sjefen og kaptein dokumentere den tårevåte avskjeden med Koala-bay-sandalane:

Ikkje noko å seie på den indre finishen :)

Ikkje noko å seie på den indre finishen 🙂

Lefkas juni 2015 sandaler (9)

Ein verdig avskjed før dei forsvant..

Ein verdig avskjed før dei forsvant..

i boss-sekken som skal vidare til ein container som vidare vert sjekka av sigøynarar og som vidare vandrar rundt i europa.

i boss-sekken som skal vidare til ein container som vidare vert sjekka av sigøynarar og som vidare vandrar rundt i europa.

Den gode nyheit på sandaldagen:

In blue sandaler til 49 euro.

In blue sandaler til 49 euro.

VOF sjefen kunne ikkje dy seg. Mens kapteinen sov middag stakk eg fotane ned i vidundert. Fantastisk!

VOF sjefen kunne ikkje dy seg. Mens kapteinen sov middag stakk eg fotane ned i vidunderet. Fantastisk!

Så kjære vener, ha ei fin helg, og husk sandal-sjekken.

mvh

VOF-sjefen

PostHeaderIcon 2.juni 2015 Hellas tar innsparing på alvor

Etter ein fin rundtur på øyane her og ei avslutning  på anker i Abiliki bay er vi no tilbake i Lefkas marina.

Flybilletter er bestilt frå Athen 11. juni, så vi har ei bussreise herifra på ca 5-6 timer til Athen. Gradestokken har lege og ligg jamt på 30 grader.

No er det litt opp»shining» på båten før vi legg S/Y Aurora att i Grekenland til hausten.Mange gode minner og stunder med kjende og ukjende sit vi att med.

Vi har ikkje sett på TV sidan påska, og har heller ikkje sakna det. Vi har nett når det passer seg slik der vi er, og vi er ute heile dagen. Natta må vi sjølvsagt tilbringe innanbords. Fantastiskk å ligge i lugaren å sjå på stjernene, natta som kjem på, og morgonen som lyser som ei operasjonsstove.

Kapteinen vakna her ein morgon og drøymde at ein slange hadde bete seg fast i brystet hans, og at det var like før operasjon. J Det seier sitt om lyset  og naturen vi lever i. PS: Det var ikkje VOF-sjefen som hadde bete seg fastJ, hehe

Vi har ikkje lært oss gresk endå,og  språket er framleis «gresk», men  i dag sat vi på ein kafe på ein buss-stasjon og der var tydlegvis ein heftig diskusjon om landets framtid. Vi snappa opp eitt og anna internasjonalt ord, og kreative som vi er, landa vi på at det var ein politisk diskusjon.

 

Ja , på veg til stasjonen., eller supermarkedet som vi skulle til, fann vi denne karen som var utsendt frå marinen:

Ja tru det eller ei. Her er marinen engasjert for å male nye  kvitstriper. Det er markeringstape og malerkost., og distansen skal vi ikkje snakke om, DEN er lang. Hellas sparer  penger her.. Vi skal ikkje snakke om alle euroane som går frå lomme til lomme. Det er HER ein kan spare, på vegmerking. Tenk strekning Oslo- Nittedal:)

Ja tru det eller ei. Her er marinen engasjert for å male nye kvitstriper. Det er markeringstape og malerkost., og distansen skal vi ikkje snakke om, DEN er lang. Hellas sparer penger her.. Vi skal ikkje snakke om alle euroane som går frå lomme til lomme. Det er HER ein kan spare, på vegmerking. Tenk strekning Oslo- Nittedal:)

Ja det går no framover.Ein siesta på 4 timer skal og kalkulerast inn:)

Ja det går no framover.Ein siesta på 4 timer skal og kalkulerast inn:)

Frå Abiliki bay. litt uroleg, så VOF sjefen svømde i land eit tau. Kunne nesten sjå for meg at vi for med heile oliventreet, men det gjekk bra:)

Frå Abiliki bay. litt uroleg, så VOF sjefen svømde i land eit tau. Kunne nesten sjå for meg at vi for med heile oliventreet, men det gjekk bra:)

Ein triveleg fiskar vi møtte opp kanalen til Lefkas marina.

Ein triveleg fiskar vi møtte opp kanalen til Lefkas marina.

For botanikarar er her eit hav av våre inneplanter. VOF-sjefen har nok med løvetann-mose og skvalderkål.

For botanikarar er her eit hav av våre inneplanter. VOF-sjefen har nok med løvetann-mose og skvalderkål.

VOF-sjefen har ei lita stund for seg sjøl no. Ho har mange oppgåver når ho kjem heim. Skal halde tale for sonen som skal gifte seg 27.juni- designe sin eigen kjole- vere på namnefest for sitt nyaste borneborn, Jensine Pernille, ta seg av sommargjester heime, restaurere Tingvoll, vår ærverdige bustad som er nasjonalt verna, og ta seg av si gamle mor. Eg gleder meg likevel. Ingen ting er umulig for vår herre og maskinister, som kaptein Bjarne seier.Jaja , det siste ordet må eg nok byte ut.

Ingen ting er umulig for vår herre og gla`jenter, hehe.

VOF-sjefen herself:)

PS: Sandalhistoria kjem seinare i veka, så gled dykk:)