PostHeaderIcon 2.juni 2015 Hellas tar innsparing på alvor

Etter ein fin rundtur på øyane her og ei avslutning  på anker i Abiliki bay er vi no tilbake i Lefkas marina.

Flybilletter er bestilt frå Athen 11. juni, så vi har ei bussreise herifra på ca 5-6 timer til Athen. Gradestokken har lege og ligg jamt på 30 grader.

No er det litt opp»shining» på båten før vi legg S/Y Aurora att i Grekenland til hausten.Mange gode minner og stunder med kjende og ukjende sit vi att med.

Vi har ikkje sett på TV sidan påska, og har heller ikkje sakna det. Vi har nett når det passer seg slik der vi er, og vi er ute heile dagen. Natta må vi sjølvsagt tilbringe innanbords. Fantastiskk å ligge i lugaren å sjå på stjernene, natta som kjem på, og morgonen som lyser som ei operasjonsstove.

Kapteinen vakna her ein morgon og drøymde at ein slange hadde bete seg fast i brystet hans, og at det var like før operasjon. J Det seier sitt om lyset  og naturen vi lever i. PS: Det var ikkje VOF-sjefen som hadde bete seg fastJ, hehe

Vi har ikkje lært oss gresk endå,og  språket er framleis «gresk», men  i dag sat vi på ein kafe på ein buss-stasjon og der var tydlegvis ein heftig diskusjon om landets framtid. Vi snappa opp eitt og anna internasjonalt ord, og kreative som vi er, landa vi på at det var ein politisk diskusjon.

Ja , på veg til stasjonen., eller supermarkedet som vi skulle til, fann vi denne karen som var utsendt frå marinen:

Ja tru det eller ei. Her er marinen engasjert for å male nye  kvitstriper. Det er markeringstape og malerkost., og distansen skal vi ikkje snakke om, DEN er lang. Hellas sparer  penger her.. Vi skal ikkje snakke om alle euroane som går frå lomme til lomme. Det er HER ein kan spare, på vegmerking. Tenk strekning Oslo- Nittedal:)

Ja det går no framover.Ein siesta på 4 timer skal og kalkulerast inn:)

Ja det går no framover.Ein siesta på 4 timer skal og kalkulerast inn:)

Frå Abiliki bay. litt uroleg, så VOF sjefen svømde i land eit tau. Kunne nesten sjå for meg at vi for med heile oliventreet, men det gjekk bra:)

Frå Abiliki bay. litt uroleg, så VOF sjefen svømde i land eit tau. Kunne nesten sjå for meg at vi for med heile oliventreet, men det gjekk bra:)

Ein triveleg fiskar vi møtte opp kanalen til Lefkas marina.

Ein triveleg fiskar vi møtte opp kanalen til Lefkas marina.

For botanikarar er her eit hav av våre inneplanter. VOF-sjefen har nok med løvetann-mose og skvalderkål.

For botanikarar er her eit hav av våre inneplanter. VOF-sjefen har nok med løvetann-mose og skvalderkål.

VOF-sjefen har ei lita stund for seg sjøl no. Ho har mange oppgåver når ho kjem heim. Skal halde tale for sonen som skal gifte seg 27.juni- designe sin eigen kjole- vere på namnefest for sitt nyaste borneborn, Jensine Pernille, ta seg av sommargjester heime, restaurere Tingvoll, vår ærverdige bustad som er nasjonalt verna, og ta seg av si gamle mor. Eg gleder meg likevel. Ingen ting er umulig for vår herre og maskinister, som kaptein Bjarne seier.Jaja , det siste ordet må eg nok byte ut.

Ingen ting er umulig for vår herre og gla`jenter, hehe.

VOF-sjefen herself:)

PS: Sandalhistoria kjem seinare i veka, så gled dykk:)

One Response to “2.juni 2015 Hellas tar innsparing på alvor”

  • Else Jenny says:

    Vi gleder oss SÅNN til dokke kjem heim!! God tur 🙂 klem frå Mellomste og lille Jensine <3

Leave a Reply