No har vi vore på havet berre 2 månader. Ja, eg skriv berre.. Utruleg kor fort tida går:( Ein kan undre seg, kva er det som er drivkrafta til dette? Jau, det skal eg fortelje deg. Vi veit alle, dei fleste, at vi lever ein gong , og livet er egentlig veldig kort.
Mange får born,dei veks opp, og har det stort sett bra. Ein har brukt 70 % av livet til å sjå og hjelpe til at det meste går bra med desse borna våre. Så har vi att dei 30% som vi bør vie til oss sjølve om helsa er god,sånn ala ok:)
Har vi kjent på kva det er å leve? Borna våre er dei største inspiratorane, og egentlig vår oppgåve vidare i livet. Men, når vi ser at dei greier seg bra, er det då ikkje tid for kvalitetstid for oss foreldre?
VOF-sjefen og kaptein Bjarne har kjent litt på dette. Vi lever 24 timer på ein liten hyblel. Vi diskuterer liv og lagnad, ser ikkje på tv, men får med oss ei og anna nyheit når vi er på land. Vi produserer vår eigen straum via solpanlel og er forsiktig med bruk av vatn, men ikkje tru at vi er skitne:) Havet ligg klar og blankt, så det er berre å hoppe i det:).
Slik kommunikasjonen er i dag kan vi betale våre forpliktelser heime på nett, om ikkje kassa blir tom då:)) Vi møter menneske som er i same «slow-motion», diskuterer kvardagslege saker og vi tek vare på kvarandre.
Då tenkjer VOF-sjefen: Skulle ikkje felire av oss ta meir vare på det korte livet vi har ? Mange har draumer om å gjere ditt og datt når dei blir pensjonister. Ventetida kan få mange skjær i sjøen, og draumen går i grava:(
Apropos pensjonttida. Hater ordet førøvrig. Tenk alle pengane staten hover inn for dei som fell bort tidleg! Godt opparbeidde penger. Her i Hellas kan ein pensjonist overføre pensjonen sin til neste generasjon. Ide heime?
No er VOF- sjefen litt sentimental, men vil berre prøve å formidle at det finnast eit liv utanom heimen i kortare periodar, der vi kan kjenne på kva det er på leve.

S/Y Aurora skal ligge trygt her i hamn i Lefkas på øya Lefkada til vi kjem attende til ho seint i haust.
Då vil VOF-sjefen takke alle som har følgt oss på denne reisa, og vi høyrast seint i haust.
VOF-sjefen må heim å skrive bryllupstale til sonen, ja for det har eg ikkje hatt tid til her mellom alle dei store oppgåvene ein VOF-sjef har. Ellers skal det og bli namnefest for borneborn, Jensine Pernille, og gode samlinger med vener og familie.
Glad i dokke alle!
9. juni 2015 at 19:19
Glad dere koser dere=) Det dere gjør er til stor inspirasjon for oss andre!! Gleder meg til å se dere igjen=) Klem