Archive for september, 2015

PostHeaderIcon 23.september 2015

Då er det påàn i gjen.

Vi måtte oververe den årlige oktoberfestivalen i Stryn som då sjølvsagt  er i september, for øvrig den største festivalen etter  Oslo. Ei fin helg med familien og mange gode vener  .

2 dager før avreise i festivaldrakter. Nokon som finn kaptein Bjarne ?

2 dager før avreise i festivaldrakter. Nokon som finn kaptein Bjarne ?

Påfylgjande mandag, 21.oktober starta  vår ferd til Hellas der S/Y Aurora har venta på mannskapet sitt i tre månader.

7 timer med buss, 6 timer med fly via Paris til Athen. Overnatting i Athen på 4 stjerners hotell til superpris, men stjernene  hadde nok falma akuurat der.Det vart tidleg kveld og ein god natts søvn før vi starta på siste etappe, taxi til bussterminal A i Athen og med destinasjon Lefkada eller Lefkas som også mange kaller øya.Ei reise på vel 5 timer med ei tisse-og matpause halv-vegs. PS der er ikkje toalett om bord, så lurt å vere litt varsom med væskeinntak.

Billetter til denne bussen kan kjøpast på nettet eller på stasjonen, men velger du det siste alternativet bør du gjere det nokre timer før for å sikre deg  seteplass.Der går 3 busser til Lefkada så om det passer med flytider kan du køyre løpet direkte, men det er også koseleg med ei overnatting i Athen. Vi har prøvd fleire alternativ , og vi synes hotell Adrian, rett under Acropolis,gangavstand, var eit lite koseleg hotell.

Dette var ein liten info om du skulle ha tanker om ein tur hit.Vi tenkte at vi skulle ta ein alvorsprat med Kjosen om det ikkje er muleg å ha ei direkterute til nærmaste flyplass, Preveza, evnt, kvar 14 dag.Han er no ein så blid og triveleg kar, så VOF-sjefen trur vi kan kome på  bølgelengde.

23.- 25.september.

Kjempekoseleg middag. Legg merke til Johanna, nr 2 frå venstre  når ho ser eurorekninga på neste bilete:)

Kjempekoseleg middag. Legg merke til Johanna, nr 2 frå venstre når ho ser eurorekninga på neste bilete:)

I Hellas  bryr dei seg ikkje med komma lenger

I Hellas bryr dei seg ikkje med komma lenger

Ankom G 50( adressa vår der vi ligg i hamna) og der vart vi mottekne av vår nye nabo, Sigbjørn og Hilde om bord i S/Y Hisimama, samt deira gjester  Jan og Åse. Gløymde å  spørje deg Sigbjørn kva historie du har med namnevalget på båtenJ

Vi hadde trivelege dager saman.Det er noko med å møte facebook-vener face-to face og ikkje berre pr.bok. Kaptein Bjarne har oså vore som ein liten mentor til Sigbjørn gjennom reisa til Middelhavet.

Det vart stormiddag med 4 norske båter samla, S/Y Aurora- Hisimama-Snowbird og Karayato.Kreative namnevalgJ

Hisimama er reist tilbake til Norge, men båten ligg trygt i hamn her i Lefkas.

Enten hissig mamma, eller som vi seier, hi si mamma som betyr den andre sin mamma:)))

Enten hissig mamma, eller som vi seier, hi si mamma som betyr den andre sin mamma:)))

Regnet kom

Etter eit par fine dager kom forsyne meg haustregnet. Fysj og fy.Det vart då innetid med innstemme og ein forkjøla kaptein som hoster og harker seg i seng. VOF-sjefen er foreløpig oppegåande  i skrivande stund.Har nokon gode råd? Vi har prøvd og prøver framleis Jægermeister(hostesaft).Minus med den er at det ikkje hjelper berre med ei spiseskeiJ Fruktjuice, kortvarig, men han får i seg litt antioksydanter i tillegg til urtene i Jægeren.

Paracet: Ja den varer faktisk ei sovande stund, men no er det «opplett» nokre minutt, så kanskje eg skal ta meg ein tur til apoteket å få ein pose med ymse go-saker til kapteinen.

Å nei, det er siesta no!! Då blir det hostemusikk til kl 18.00 ! Grekarane har no jobba heilt frå kl. 10.00 så då trengs det 4 timers pause, sjølvsagt.

Vof-sjefen , velferds-og forpleiningssjefen ,( for nye lesarar)må ta oppgåva si, men mens ein venter på siesta-over, får eg kose meg  med  kaffi og sjokolade, noko Vof sjefen et lite av i det daglege livet på land.

Varer frå "gottebutikken"

Varer frå «gottebutikken»

Regnet forsvant men ikkje «sykja»

Kapteinen framleis ikkje i form, og etter kvart slit vi med søvnen begge to.

VOF-sjefen vurderer no å henge opp det gule flagget(utøy om bord) slik at vi kan få ei diagnose på kva vi har fått om bord.

 

  • Det er ikke konstatert smittefare og fartøyet ber om å få lege ombord som kan gi karantenelisens for samkvem med land: «My vessel is healthy and I require free pratique».

 

Jaja, det er no ikkje så hakkande gale.Sola skin, temepratur 26-30 grader og vakkert måneskin om kvelden. Gode frokoster  oppe på «verandaen», mindre naboer då dei fleste flytter frå hoste-og harkebåten.Neinei, tuller, trur eg. Vi har hyggelege naboer i alle fall sett frå vår  side 🙂

Seinare skal de få historia om ein regatta som skal vere her, der eit par norske båter er med, S/Y Aurora kjem til å snike seg inn på after-regatta-festen, for vi kan vel bruke same metoden som vi hadde som tenåringer då vi var for unge til å gå på fest? No har vi i alle fall legitimasjon å framvise, at vi er gamle nok:)Dersom himmelen er fri for væske, slepp vi tampane i neste veke og hoster og harker oss vidare.

Ellers er hamna ei salig blanding av alle nasjonaliteter. Har aldri sett her så fullt. VOF-sjefen lytter til språk og ser på flagget, men det stemmer sjeldan overeins.Jamaicaflagg med østeuropeisk språk, amerikansk med russisk språk.. Det syriske språket kan eg ikkje men har mine flykti(nin)ge tanker inn i mellom:) , men det er lov, Din tanke er fri.., som det heiter i speidersongen.Alltid budd for det meste.

 

 

Tenkte på nye sandaler

Tenkte på nye sandaler

Og her er dei. Like godt å handle sandaler med det same på apoteket:)

Og her er dei. Like godt å handle sandaler med det same på apoteket:)

 

Ha ein alldeles flott dag og vi lesast!

Mvh

VOF-sjefen og  kaptein Bjarne Hostegut.