Dag: 18. oktober 2015

Regatta Ligia- Vathi, vår første regattasegling.

Regatta Ligia- Vathi, vår første regattasegling.

Laurdag 17. oktober gjekk startskotet for vår første regatta. Vi var så heldige i får vere mannskap, kapteinen og VOF-sjefen ,om bord i S/Y Annanke, ein 50 fot Bavaria.Kaptein her er Jens, ein erfaren regattasegler som tek ikkje let  eit vindpust gå forbi. Ca 25 båter deltok.

Start kl. 14.00

Starten var vindfull og superbra.VOF sjefen skjøna snart at ein seglbåt på 17 tonn kan faktisk fare i rasande fart uten ein einaste propell.Det er som å sitje  på galleriet å sjå nde i 1. etasje når båten ligg sidelengs i vatenet. Framdriftskrafta er vind og ….m2 med duk.

Vi vart litt seine i starten då det plutselig hadde kome nye internasjonale regler for startsignal. Ja VOF sjefen hadde no aldri høyrt om dei gamle heller, men vi kom oss avgarde nokre minutt seinare enn dei andre. Ja her hadde vi stoppeklokke om bord, som også var vanleg. Mykje nytt for ein liten innfjording.

Full konsentrasjon

Full konsentrasjon

Vi hala innpå og snart låg vi i fremste rekkje.Har aldri sett på makan til slik finjustering og konsentrasjon som denne ragttaseglaren hadde. VOF sjefen hadde nesten meir enn nok med å konsentrere seg om konsentrasjonen hans.

Storseglet revna!!

Oj, oj.Midt i hardaste taket hende det. Sjølvaste storseglet revna tvers over i ein saum.Høyrde nokre fraser frå kaptein Jens,som eg ikkje hadde lov å høyre når eg var lita. Det vart litt frustasjon om bord og vi hadde eit kjapt råd om vi skulle bryte løpet. Gode gamle kaptein Bjarne meinte at vi skulle vere litt tålmodige og sjå det an litt for kanskje vi kunne fullføre med kun genova, eitt segl? Vi hadde ikkje andre segl om bord. Det vart samla fleirtal for at vi skulle prøve. Vinden dabba av og alle sleit litt, men vi fanga kvar ein liten bris, flau vind, ja veldig flau vind. Vi heldt fylge, og etter 4,5 timer var vi i mål, og slettes ikkje av dei siste.Trur vi kom på 12 plass.

Her revna storseglet!

Her revna storseglet!

Kapteinane fornøgde.

Kapteinane fornøgde.

VOF sjefen koser seg

VOF sjefen koser seg

Vel i hamn ved målet

Vel i hamn ved målet

 

De veit at står ein ikkje på pallen så er det ikkje så nøye med plasseringa. Men vi fekk skryt , heder og ære for i det heile å halde farta.Skal igjen vere sagt at regattakaptein Jens var fantastisk.

Etterpå var det langbord med mat og drikke så langt ein kunne sjå.VOF sjefen hadde briller på, så det VAR langtJ

Kvelden vart ikkje seinare enn vanlege kvelder, for frisk  luft gjer kroppen tidleg trøytt her på havet.

Vi sov godt ombord i S/Y Annanke. Artig å vere gjester sjølve i ein annan båt.

Ei fantastisk oppleving å vere med på dette , og deltakarane var 90% grekarar og resten internasjonalt.

Sjømannsvafler

Sjømannsvafler

Til salgs.Ja alt kan seljast

Til salgs.Ja alt kan seljast

 

 

Vel om

Liten gut i stor fauna

Liten gut i stor fauna

Lita dame med stor mann, Onassis

Lita dame med stor mann, Onassis

Vel ombord att i S/Y Aurora søndag 18. oktober kl. 19.00

Kaptein Bjarne og VOF sjefen

 

29.september Regatta

29.september  Regatta

 

Lova å kome med tilbakemeldinger om regattaen. Vi, dvs.VOF-sjefen og kapteinen kom oss  inn på etter-festen utan legitimasjon, og det vart ein superfin kveld. Underteikna var den einaste som stilte opp med supporterdrakt for den norske båten som for øvrig vart nr 4 og nr 1 i sin klasse, catamaran(pst: var berre  dei som var med i den klassen psstJ) Det var lotteri, og  trur de ikkje at VOF-sjefen vann 2 netter  på hotell i Lefkas! Ja sjølvsagt  i lag med kapteinen. Det tilbodet skal vi nytte oss av om det skulle bli eit forrykande uver.

Vi var gode supportarar til S/Y Karayato

Vi var gode supportarar til S/Y Karayato

18.oktober 2015, ei kort oppsummering. Meganisi

Kapteinen friskmeld. Nok om det som han far seier.

Har vore ei slapp skriveperiode. Har rett og slett ikkje hatt tida.

Har lege på svai saman med Snowbird og hatt koselege dager. Møtt Peter og Kerry frå Australia om bord i S/Y Kerry. Dei fekk smake sjømannsvafler som det såg ut som dei likte. Dei vaflene veit du med litt kanel .

Kinafletting

Kinafletting

Gode søtsaker ombord i S/Y Kerry

Gode søtsaker ombord i S/Y Kerry

Vi har hatt fårikålmiddag om bord saman med Asbjørn og Johanne,vore hos Jens, ja , vi er mange gode vener som møtes her og der.Vi er alle i same båt som det heiter.

Ingen av oss har møtt flyktninger til havs, og det er vi faktisk glad for.Området vi beveger oss i er for langt vest i forhold til fluktrutene. Nok om det, som han far sa.

Fårikål

Fårikål

Fornøgd VOF sjef sponsa av Moods of Norway

Fornøgd VOF sjef sponsa av Moods of Norway

Kapteinen på ville vegar?

Kapteinen på ville vegar?

Gresk frue har planer om fiskemiddag

Gresk frue har planer om fiskemiddag

© 2021 S/Y Aurora

Tema av Anders NorénOpp ↑