Då er vi komne til Lefkas marina, Hellas,Ionian sea.Her skal S/Y Aurora overvintre og kose seg i hamna i lag med S/Y Juliette, ei engelsk dame og S/Y Hisimama, norsk dame frå Fredrikstad.Desse tre kjem nok til å passe godt på kvarandre.
Mandag vart vi budne ombord i ein dansk på lammekjøtt.Ein givandes og triveleg kveld med ymse diskusjoner , og då m.a. romforskning. Ja det er enno mykje ein ikkje har øært her i livet, og takk og pris for det, for hard-disken er heilt full, så VOF-sjefen held på å slette litt for sin del.
Det var uansett interessant å møte menneske med slike arbeidserfaringer.Kometer og satelitter i skjønn forening. Slike enkle greier som Karlsvogna, Polatstjerna,Lillebjørn, og ikkje minst Storebjørn, var ikkje tema herJ Igjen, eit triveleg ektepar som hadde vore jorda rundt, ja nesten i heile universet egentleg:), men dei såg ut som heilt vanlege dansker:))
Engelsk kunnskapstevling 4. plass
Var med Arvid og Anne Grete S/Y Karayto på kunnskapstevling på ein bar i hamna.Vi stilte med Moods seiler t-skjorter( dokke får ikkje tak i dei lenger :(, og laget heitte då Smooth sailing.
Landsfordeling: 99% engelsk, og resten kan dokke rekne ut sjølve.
Vi hadde no meir enn nok med å forstå spørsmåla som m.a. var: Engelske matretter-nokre engelske figurer,skotske og irske whiskymerker(det var ikkje så gale)-engelsk fotball,grr, engelske kolonier,nasjonalsonger(ikkje så gale det heller)-engelske kokker etc. Har slutta å sjå på han Oliver, men vi hadde han friskt i minnet.Det vart fjerdeplass og det var vi vel nøgde med.
Regn-lyn-torden-tannlege:
I natt og i dag har det både tordna, lyna og regna med eit slikt trykk at det var like før VOF sjefen fann fram øyreklokker, vernebriller og dykkerdrakt.Ho baska seg ut i oljehyre og for rett og slett til tannlegen. Ikkje noko prekær situasjon, men ei lita overhaling av frontgarden og total julenedvask. Kosta den nette sum av 80 euro.Eg hengde fint opp den klissvåte oljehyra inne på kontoret, og då eg tok av meg støvlane før eg kom i Stresslessen, smilte ho og sa det var koseleg med ein kunde i sokkelesten.
Vel om bord att hadde kapteinen ordna med ymse tekniske og praktiske saker, ja, han hadde rett og slett fått arbeidsro, for snart er det tid for heimreise.
22.oktober
Ha det godt alle saman.Håper de koser dykk med bloggen like mykje som VOF-sjefen gjer
6. april 2016 at 08:51
Åh, du skriver så morsomt! 🙂 Kjekt å lese, sjølv fleire månader etterpå. Husk å være flink til å poste på Facebook når du legger ut nye innlegg. Vi gleder oss til å høre meir. Klem frå mellomste dattera <3