29.september Regatta
Lova å kome med tilbakemeldinger om regattaen. Vi, dvs.VOF-sjefen og kapteinen kom oss inn på etter-festen utan legitimasjon, og det vart ein superfin kveld. Underteikna var den einaste som stilte opp med supporterdrakt for den norske båten som for øvrig vart nr 4 og nr 1 i sin klasse, catamaran(pst: var berre dei som var med i den klassen psstJ) Det var lotteri, og trur de ikkje at VOF-sjefen vann 2 netter på hotell i Lefkas! Ja sjølvsagt i lag med kapteinen. Det tilbodet skal vi nytte oss av om det skulle bli eit forrykande uver.
18.oktober 2015, ei kort oppsummering. Meganisi
Kapteinen friskmeld. Nok om det som han far seier.
Har vore ei slapp skriveperiode. Har rett og slett ikkje hatt tida.
Har lege på svai saman med Snowbird og hatt koselege dager. Møtt Peter og Kerry frå Australia om bord i S/Y Kerry. Dei fekk smake sjømannsvafler som det såg ut som dei likte. Dei vaflene veit du med litt kanel .
Vi har hatt fårikålmiddag om bord saman med Asbjørn og Johanne,vore hos Jens, ja , vi er mange gode vener som møtes her og der.Vi er alle i same båt som det heiter.
Ingen av oss har møtt flyktninger til havs, og det er vi faktisk glad for.Området vi beveger oss i er for langt vest i forhold til fluktrutene. Nok om det, som han far sa.
Legg igjen en kommentar