PostHeaderIcon Cruise catamaran 48 fot

Heihei igjen. Det nærmer seg heimreise til Norge, nærmare bestemt f.k. mandag  med overnatting i Athen og i Stryn tirsdag kveld, for vi støttar Nettbuss kan de skjønne.

Var så heldige  å bli budne på eit daycruise med ein stor catamaran frå firma Sunsail. Korelis dette  gjekk til kan de spørje. Jau, eit seglarvennepar, Arvid og Anne Grete vann ein tur  på noko loddgreier, og dermed var kapteien  Bjarne og VOF-sjefen invitert saman med eit svensk par, Tommy og Anne.Vi starta i dag tidleg kl. 09.00 med sjølvsagt eigen kaptein, ein ung, meget pen ungfole som ikkje fekk begge motarane i gong. Tilkalla eksperthjelp, men Arvid, som også har catamaran, løyste problemet i det dei sat fullt konsentrerte i brukarmanual. Nok om det, som far sa. Vi kom oss avgarde, var innom Scorpio, er hadde det akkurat vore milliardæarbryllup, dottera til russeren som kjøpte ei heil øy etter Onnassis. Var litt skuffa over at vi ikkje fekk rester av bløtkake, men men, vi hadde super beverting av oss sjølve ombord, så det vart ikkje noko sakn.Vi vitja Nidri, Vathi, og hadde lunsj i Abiliki bay.

Mykje god mat, god drikke og ikkje minst og aller viktigast, godt humør.

Legger ved nokre gla`bilete, og takker for oss for dette året, og som katein Bjarne seier: Hakje lysst å forlate dette området. VOF- sjefen seier: Ja takk begge deler(Ole Brum)

Det første vi alltid sikrar oss er toalettforholda

Det første vi alltid sikrar oss er toalettforholda

Vertskapet som bad oss ombord, Arvid og Anne Grete

Vertskapet som bad oss ombord, Arvid og Anne Grete

God gjeng, Bjarne, Henny. Arvid,Anne Grete og Tommy, sostnemnde svensker. Vi prøvde å gjenvinne Hjemtland og Harjedalen, men, men

God gjeng, Bjarne, Henny. Arvid,Anne Grete, Anne og Tommy, sistnemnde svensker. Vi prøvde å gjenvinne Hjemtland og Harjedalen, men, men

Pen kaptein, lammekjøtt mot godt mørna sauekjøtt:))))

Pen kaptein, lammekjøtt mot godt mørna sauekjøtt:))))

Anne ein raser på handbak, men VOF sjefen tok svenskedama i krok:)

Anne ein raser på handbak, men VOF sjefen tok svenskedama i krok:)

Takk for oss for denne gong. Håper de har hatt ei koseleg lesning i den norske kvardag. No må vi heim og arbeide for føda:)

VOF- sjef og kaptein Bjarne

One Response to “Cruise catamaran 48 fot”

  • Hisimama says:

    Snipp snapp snute da var sommer eventyret over for i år. Med eller uten lammekjøtt 🙂 Det har vært en fornøyelse å bli kjent med dere og følge bloggen. Nok om det 🙂 God vinter til dere, vi gleder oss til våren.

    MVH
    Sy Hisimama

Leave a Reply