PostHeaderIcon 20 april 2016- 30 grader  og speilblankt hav.

 

Kjære born,borneborn, svigerborn,bonusborn, ja all slekt og gode  vener, her er VOF sjefen på tastaturet att. Har vore inn i ei slapp periode, og trur det skyldast varmen som kom så brått på oss. I skrivandes stund sit eg og duver i salongen om bord i vår kjære S/Y Aurora, der gudmora er Aurora Gullet Staalnacke, eit flott borneborn som bur i Nittedal med si kjære familie.

Vi , dvs. kaptein Bjarne og Vof-sjefen har luffa litt rundt på øyer.Er no i Vathi, ei lita søt øy med utsikt mot det som ein gong var Onassis paradisøy.Her er det full aktivitet med fiskebåter. Turistane kjem nok etter kvart, og dei lokale vasser i blå-og kvitmåling som særpreger Hellas.Stoler og bord får ny måling og dukane er rutete.Ellers spirer det og gror i tiurens spor. Alle dei potteplantane eg kunne ha tenkt meg heime, men som eg ikkje greier å handtere inne, dei finn eg sprudlande  ute rundt kvar ei nov her.

Er visst enkelt å få dei til å blomstre,...seier folk.

Er visst enkelt å få dei til å blomstre,…seier folk.

Nokon har realisert draumen om fiskebåt..

Nokon har realisert draumen om fiskebåt..

Nokon er framleis i planleggingsfasen..

Nokon er framleis i planleggingsfasen..

Nokon torer rett og slett ikkje å hive seg på trenden..

Nokon torer rett og slett ikkje å hive seg på trenden..

Mange gode vener møter vi på vår veg langs leia. Felles er at vi har eit  bedageleg og avslappa forhold til kvardagen. Er nok blitt litt smitta av den greske kulturen, der klokke og dato ikkje er så nøye med,men derimot står samhald høgt på dagens agenda.Hm, vi har kanskje litt å lære alle derJ

Eg sit og vifter vekk ei kolsvart humle som durrer rundt meg. Den er som eit militærhelikopter av størrelse, men eg er no eit  uskuldigt offer, vakse opp innerst i nordfjorden med slike søte gul-svartstripete humler som berre koser seg i løvetann.

Trur den har godt syn.

Trur den har godt syn.

Den seglande catamaran-frisør, Anne Grete med årets første kunde.

Den seglande catamaran-frisør, Anne Grete med årets første kunde.

Oppe før sola, fordi..

Oppe før sola, fordi..

Han her..

Han her..

Nokon lufter hunden, medan andre lufter fåret.

Nokon lufter hunden, medan andre lufter fåret.

Lurer på huskjøp

Lurer på huskjøp

..for desse er attpå handelen

..for desse er attpå handelen

Då takker kaptein og VOF sjefen for at de forhåptentlegvis liker vår blogg, og selveste kapteinen slår ring om dokke alle.

Då takker kaptein og VOF sjefen for at de forhåpentlegvis liker vår blogg, og selveste kapteinen slår ring om dokke alle.

Ha mest gode dager  alle saman.

VOF-sjefen  helsar.

 

One Response to “20 april 2016- 30 grader  og speilblankt hav.”

Leave a Reply