PostHeaderIcon 25.april- Trykk-kokeren – miljø

 

Når ein  lever som snegelen med huset på kroppen, blir vi svært  energibesparande. Sola , vatnet og vinden produserer stort sett det vi treng, og den sistnemnde kjelda er ei lita snill mølle,kalla Bjørg.Det er ikkje ei av  dei store kolossa som som ruver i naturen og treng enormt vedlikehald.

Så kjem trykk-kokeren inn i bilete når det gjeld føde. Vi bruker ikkje mykje gass, men her har nabobåten investert i trykk-koker for å minske gassforbruket også, og det måtte sjølvsagt feirast:)

Her er selveste franskmannen, Denis Papin som fann opp trykk kokeren i 1671. Staseleg kar:)

Her er selveste franskmannen, Denis Papin som fann opp trykk kokeren i 1671. Staseleg kar:)

Det var ikkje ein slik kokken på kaia hadde..

Det var ikkje ein slik kokken på kaia hadde..

..men denne raske luringen her.

..men denne raske luringen her.

Som de skjønar, lever vi i nuet, som det heiter. Tenk deg om du vart invitert til naboen til middag for å innvie  ei ny energibesparande kasserolle? Du  ville nok ha stussa litt. Her hos oss tek vi vare på store og små gleder, så det tilseier kanskje at vi har det bedagelegJ

Vi utveksler samtaler om beste skrubben, beste båtmotorar, tips til reingjering av tilbakeslagsventilen i toalettet, beste vinen, ikkje minst, båt-typer heilt tilbake til vikingtida, hundeoppdrett,vermeldinger, kjekke born etc..

Ein glad og svolten gjeng rundt vidunderkokeren til selveste Anne Grete.Vi jentene tok oss tida til å ta bilde av maten .

Ein glad og svolten gjeng rundt vidunderkokeren til selveste Anne Grete.Vi jentene tok oss tida til å ta bilde av maten .

Ombord i S/Y Aurora. Kan vel ikkje seie at VOF sjefen som fotograf fekk den store merksemda

Ombord i S/Y Aurora. Kan vel ikkje seie at VOF sjefen som fotograf fekk den store merksemda

Ja vi svelt ikkje, som dokke ser, for samhald gjer sterk:)

Ja vi svelt ikkje, som dokke ser, for samhald gjer sterk:)

Helser alle våre, og i dag har vi også noko å feire .5år sidan vi var på tur gjennom Loch Ness.https://web.facebook.com/jenny.staalnacke?fref=nf&pnref=story

Ha ei fin helg saman med dykkar kjære og gode vener.

VOF-sjefen

Her sat eg akkurat..

Her sat eg akkurat..

 

3 Responses to “25.april- Trykk-kokeren – miljø”

  • Else Jenny says:

    Kjekt å få rapport! Artig at du har med bilete av sjølvaste oppfinneren av trykkokeren! Tenk at det i dag er 5 år siden dykk var på Loch Ness. Klem

  • Storesøster says:

    Kjekt å sjå så masse bilder. Skulle ønske her var like varmt. Her kjem våren litt etter litt. Husdyr har aldri vore VOF sjefen si sterkaste side, så eg reknar med at bildet var betalt i tillegg til arrangert. Kos dokke vidare med trykk-koker og hunder, og om du skulle kome heim med en hund så melde eg ikkje meg frivillig (det gjer vel muligens søster #2…) gleder oss til å sjå dokke tilbake her klokka må fylgjast. Klem frå oss i Nittedal.

  • Storesøster says:

    Haha..eg og EJ les bloggen akkurat på same tid 😀

Leave a Reply