PostHeaderIcon HELLAS 8.april 2016, møtet med Alfred Vogel

Då er vi tilbake ombord i S/Y Aurora, som låg her så kvit og fin og venta på oss.

Det er alltid litt «småplukk» som må ordnast etter ein vinter, men no er vi klareJ Fått ny logg, for dokke som veit kva det erJ, eit løyve til  S/Y Aurora at ho kan vere i Hellas i 18 månader, og vi tenkjer no ikkje lenger fram enn den tida.

Planen no er å gå til Nidri i dag, men det ruska litt i motvinden, så vi får tenkje over saken.

Dette var den obligatoriske infoen før bloggen starter etter kvart.

Møtet med Alfred Vogel:

Før underteikna reiste frå Stryn, hadde ho fått ein lei augekatarr med igjenklistra gluggar kvar morgon. Etter kvart er det no betre, og i går var eg på det lokale apoteket , der ein får all medisin ein treng, og der resept ikkje er  så viktig. Ein må berre vite KVA ein treng. (bruker t.d.medisinsk leksikonJ) VOF-sjefen, underteikna, som vanleg, tenkte eg ikkje skulle gå på det hardaste stoffet då eg har lest at antibiotikanen kan utrydde oss.

Her er det han Alfred Vogel kjem inn i bilete. Ein nederlender som har reist både i Asia og Afrika og samla saft frå planter så han har fyllt på diverse flasker og krukker, og sikkert i tablettform og. Jau, eg gjekk no på limpinnen til han Alfred. Om bord i S/Y Aurora var eg klar for å dryppe denne safta midt i glaninga. Flaska måtte eg ha hjelp til av min kjære kaptein, for den var så hard å trykkje på at spissen stod rett i «eplet», og gjorde vondt verre.Har lært at det viktigaste med naturmedisin er at ein ikkje har verken biverkninger eller verknader, og det stemte også her. Jaja slik kan ein bli overtala.

Pumpeflake som ein innhalator

Pumpeflake som ein innhalator

Nektar for eit allergisk auge:)

Nektar for eit allergisk auge:)

Bereit person, han Alfred

Bereist person, han Alfred

Vi kasta loss likevel:

Er no i Nidri, og i går kveld vart det den obligatoriske biffen hos George frå Sarande. Kapteinen hadde allereie bestilt den på førehand via faaace..Beste biffen vi har smakt sidan vi var her i fjor, og ikkje for å snakke om desserten, en «Airish» av klasse, hehe.

Her i hamna er faktisk skandinavia i overtal. Vanlegvis er det engelskmenn og hollenderer som dominerer, men vi har no markert oss. Var ein tur ombord i Karayato, catamaran frå Sandefjord, med Arvid og Anne Grete som nybakte foreldre  til  10 mnd gamle Scruffy, som er selveste sjefen ombord. Ein kar som har fått god hårvekst og trives best der det er ein gobit å få. Ja, kven  overser det? Vi liker alle fordeler og ikkje ulemper.Dokke kan no lure på kvifor VOF sjefen synes om god hårvekst på ein 10 mnd gammel baby, men litt sjarmerande er det no:) I tillegg elsker han å bade, som også VOF-sjefen liker.Den STORE forskjellen på oss er at han har 4 bein, og eg har to, og eg har aldri vore gatebarn som han.Egentleg ein ganske stor forskjell.

Hei kjære born. Dokke har vel aldri sett meg så nær ein hund:) Biletet er arrangert:)

Hei kjære born. Dokke har vel aldri sett meg så nær ein hund:) Biletet er arrangert:)

Selveste Scruffy

Selveste Scruffy

Hadde ein triveleg kveld om bord med så mykje overskot av energi, at vi plasserte både vasskraft, vindmøller og solceller over heile skandiavia.Arvid kunne i etterkant opplyse om at Volvo vart «fødd» på eit nachspeil. Ja, underteikna har høyrt denne historia før:), og det skal seiast at kreativiteten blomstrer sjølv om ein passerer  midtlivs:)

Kapteinen i kjent stil.

Kapteinen i kjent stil.

Kjære lesarar, følg med livet vårt på hav og hamn, og de kan misunne oss så mykje de vil, men dette livet har kaptein Bjarne planlagt over tid, og no er vi så heldige at vi  verkeleg kan leve ut draumen.

Vi høyrast og lesast:)

VOF-sjefen. Henny

 

One Response to “HELLAS 8.april 2016, møtet med Alfred Vogel”

  • Else Jenny says:

    Som vanlig eit fint blogginnlegg! Eg trur nok den hunden der er «fotoshoppa» inn i etterkant … Hehe. Kjekt å høyre at kreativiteten blomstrer, og sjå kapteinen i kjent stil. Lesarane lurer sikkert på korleis det gjekk med auget ditt til slutt … Fekk du «skikkelig» medisin? Klem frå vårlige Norge 🙂

Leave a Reply